Kathrin Klaas (fødd 6. februar 1984) er ein tysk tidlegare sleggjekastar frå Haiger i Hessen. Ho kvalifiserte seg til ni internasjonale finalar i øvinga, men makta ikkje vinne ein medalje. Fjerdeplassane i VM 2009, EM 2012 og EM 2014 vart hennar beste plasseringar.

Kathrin Klaas


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 6. februar 1984 (40 år)
Haiger
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Aktiv endre

Klaas sette personleg rekord med 73,45 m i 2007-sesongen. To år seinare forbetra ho rekorden sin til 74,23 meter i VM-finalen i Berlin og vart nummer 4. I 2010 flytta ho sin personbeste til 74,53 m, året etter nådde ho 75,48 meter ved eit stemne i Ostrava. Etter fjerdeplass i europameisterskapen 2012, presterte Klaas sitt livs lengste sleggjekast i OL-finalen i London. 76,05 meter heldt til femteplass i ei sylskarp tevling. Sidan enda ho på ein ny fjerdeplass i EM 2014 og på ein sjetteplass i VM 2015.

I dei fleste år som aktiv sleggjekastar kom Klaas til å stå i skuggen av den eitt år eldre landskvinna Betty Heidler. Perioden 2007-18 vart Klaas tysk meister i 2014 og 2018, siste året etter at Heidler hadde lagt opp. Elles enda Klaas opp med åtte nasjonale sølvmedaljar i sleggjekasting.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre