Katrine Lunde (fødd 30. mars 1980) er ei norsk handballmålvakt frå Kristiansand. Ho har vunne to OL-gull, like mange VM-gull og er seksfaldig europameister i handball med Noreg. Sidan 2017 vaktar ho målet for IK Våg/Vipers frå heimbyen, eit lag ho spelte på også i tida 1997-2004. Ho har to gongar vunne EHF-meisterligaen for Viborg HK,g ein gong for Győri ETO og to gongar med Våg/Vipers. Lunde har ved utgangen av 2022 delteke i 339 landskampar for Noreg, fleire enn nokon annan spelar. Også tvillingsystera Kristine Lunde var norsk landslagsspelar i handball.

Katrine Lunde


Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. mars 1980 (44 år)
Kristiansand kommune
Idrett handball
Tok del i

Handball under Sommar-OL 2008 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2012 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2016 – Kvinner, Handball under Sommar-OL 2020 – Kvinner

Klubbspel endre

Lunde melde overgang frå Kristiansand IF til IK Våg sommaren 1997. Periodane 2004-07 og 2017-10 vakta ho målet for høvesvis Aalborg DH og Viborg HK i Danmark. Frå 2010 til -15 spelte ho på det ungarske topplaget Győri ETO, deretter gjorde ho teneste i Rostov-Don i den russiske toppserien i to sesongar. Sidan 2017 har ho atter vore målvakt i heimlege IK Våg.

Landslagsspel endre

Landslagdebut 26. september 2002 mot Jugoslavia. Ho var med i den norske troppa som tok EM-sølv i desember 2002, men sat sjølv på tribunen i alle kampane. Frå europameisterskapen i 2004 til europameisterskapen 2020 var ho med om å vinne fem EM-gull og eitt EM-sølv. Perioden 2007-21 gav henne to gullmedaljar, like mange sølvmedaljar og ein bronsemedalje. I olympiske leikar tok ho gull i 2008 og 2012, samt bronse i 2016 og 2021. Opp til og med VM-finalen 2021 deltok Lunde i 326 landskampar, skåra 3 landslagsmål.

Merittar landslag endre

Merittar klubblag endre

 
Katrine Lunde i 2018
  • Vinnar av EHF-meisterligaen: 2009 og 2010 med Viborg, 2012 med Győri ETO, 2021 med Våg/Vipers
  • Vinnar av EHF-pokalen: 2017 Rostov
  • Dansk seriemeister: 2009 og 2010 med Viborg HK
  • Ungarsk seriemeister: 2011, 2012, 2013, 2014,
  • Ungarsk cupmeister: 2011, 2012, 2013, 2014, og 2015
  • Russisk meister: 2017 Rostov
  • Norsk seriemeister: 2018, 2019, 2020, 2021 med IK Våg
  • Norsk cupmeister: 2018, 2019, 2020, 2021 med IK Våg

Kjelder endre