Kegelstatt-trioen

Kegelstatt-trioen (K. 498), òg kalla Trio for klarinett, bratsj og piano i Ess, er eit musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart.

Kegelstatt-trioen
K. 498
Pianotrio av Wolfgang Amadeus Mozart

Side 1 av det signerte partituret med bratsj og klarinett.
SjangerKammermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert5. august 1786
Urframføring1786
Typisk lengd20:40
Satsar/akter3
ToneartEss-dur

Mozart skreiv pianotrioen i Wien den 5. august 1786. Verket var dedisert til Franziska Jacquin (1769–1850), ein student av Mozart.

Det tyske ordet Kegelstatt tyder 'kjeglestad', og Mozart skreiv at han komponerte dei 12 duettane for valthorn (K. 487) medan han spelte kjegler.[1] Trioen vart først framført i heimen til Jacquin med Anton Stadler på klarinett, Mozart på bratsj og Franziska Jacquin på piano.[2] På Mozart si tid var klarinetten eit relativt nytt instrument.

Trioen vart publisert i 1788 av Artaria. Ingen komponist før Mozart hadde skrive for denne instrumentkombinasjonen.[2]

Notar frå tredje satsen.
Notar frå tredje satsen.

Frå tredje satsen.

Trioen består av tre satsar:

Skildring endre

Førstesatsen er ikkje den tradisjonelle Allegro-opningssatsen, men ein meir tankefull Andante. Dette blir følgt av andre sats, ikkje den tradisjonelle sakte satsen, men ein moderat menuett, og den siste satsen, sjølv om han er livleg, er ikkje den vanlege allegroen. Kontrastane i tempo i denne komposisjonen er dermed ikkje så sterke som i dei fleste klassiske pianotrioar, men dei ulike instrumenta skapar likevel nok kontrastar.[treng kjelde]

Musikologen Alfred Einstein[3] vurderte verket særs høgt og rekna det blant Mozart sine «største» kammermusikkverk i form av pianotrioar. Han skildra det som eit «djupt personleg verk», skrive spesielt for Franziska, «lekamleggjeringa av intimitet, kjærleik, venskap og inspirasjon», understreka av hovudtonearta i Ess-dur, som lekamleggjeringa av «hjarteleg venskap». For musikkforskaren Irina Yakushina gir klarinettane i musikken ei særskild dagdrøyming og sensualitet.[treng kjelde]

Om instrumenteringa: Trioen er den første komposisjonen nokosinne for desse tre instrumenta. Mozart gjev kvart instrument same status og kvart enkelt instrument skil seg òg ut som eit soloinstrument. «Tre instrument er fordjupa i ein sjølvgløymt samtale på lik linje: nokre gangar munter, nokre gangar alvorleg, men alltid full av kjærleik.»[4]

Kjelder endre

  1. VII/22/Abt. 2, p. XI, Neue Mozart-Ausgabe (Plath, Rehm, 1966)
  2. 2,0 2,1 Klorman, Edward (Spring 2016). «An Afternoon at Skittles: On Playing Mozart's 'Kegelstatt' Trio. Part I: A Trio for Signora Dinimininimi, Nàtschibinìtschibi, and Pùnkitititi». Journal of the American Viola Society (Dallas) 32 (1): 19–27. ISSN 0898-5987. 
  3. Alfred Einstein, Mozart, Sein Charakter, Sein Werk, Fischer Taschenbuch Mai 1978, S. 255 (første utgåve 1945)
  4. Katharina Neuschaefer (6. mai 2012), DAS STARKE STÜCK Mozart - "Kegelstatt-Trio" KV 498, BR-Klassik 

Bakgrunnsstoff endre