For den russiske elva i Primorskij kraj, sjå Kema i Primorskij kraj

Kema (russisk Кема) er ei elv i Vologda oblast i Russland og munnar ut i Belojesjøen i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 150 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 550 km². Middelvassføringa hennar er 44,8 m³/s.

Kema
elv
Kema i nærleiken av Mezjgor
Land  Russland
Nedslagsfelt 3 550 km²
Lengd 150 km
Middelvassføring 44,8 /s
Munning Belojesjøen
Kart
Kema
60°19′57″N 37°12′07″E / 60.3325°N 37.201944444444°E / 60.3325; 37.201944444444
Wikimedia Commons: Kema River

Dei største sideelvane hennar er Indomanka frå venstre og Korba frå høgre.

Kema renn ut frå Kemasjøen og renn sørover gjennom audemarka. I nedre del av elva ligg landsbyen Pokrovske og ved munningen ligg Novokemskij.

Kjelder endre