Kenenisa Bekele (fødd 13. juni 1982) er ein etiopisk langdistanseløpar som spesialiserer seg på 5000 meter og 10 000 meter. Han held både verdsrekorden og den olympiske rekorden på begge distansane.

Kenenisa Bekele

Kenenisa Bekele feirar siger frå VM i friidrett 2009 i Berlin.
Foto: Erik van Leeuwen
Statsborgarskap Etiopia
Fødd 13. juni 1982 (41 år)
Bekoji
Yrke langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 165 centimeter
Kenenisa Bekele på Commons

Under sommar-OL 2004 i Athen tok Bekele sølv på 5000 meter, berre slått av legenden Hicham El Guerrouj. Bekele vann gull på 10 000 meter same året. Under sommar-OL 2008 i Beijing var Bekele uslåeleg og tok gull på begge distansane. I tillegg har han VM-gull i langdistanseløp frå Paris i 2003, Helsingfors i 2005, Osaka i 2007 og Berlin i 2009.

Kenenisa Bekele deltok under sommar-OL 2012 i London i 2012. Same året fekk han Bislett-medaljen for store idrettsbragder på Bislett stadion.[1]

Kjelder endre

  1. «Bislettmedaljen/The Bislett Medal» (PDF). Diamond League Oslo. Arkivert frå originalen (PDF) 29. januar 2017. Henta 29. januar 2017.