Kenneth Halhjem (fødd 10. juli 1976) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen. Han vart norsk meister på 110 meter hekk i 2001 og 2002, etter tidlegare å ha vunne tre sølvmedaljar i øvinga. Halhjem var medlem i TIL Hovding til 1994, sidan representerte han Gular.

Kenneth Halhjem
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1976 (47 år)
Idrett friidrett

24. juni 2001 sette Halhjem personleg rekord på korthekken med 13,90 sekund, då han vart fjerdemann i øvinga under ein europacup-landskamp i friidrett i finske Vaasa. Pr 2023 er det berre tre norske utøvarar som har fått registrert betre elektronisk tid i øvinga.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre