Kentmere-reservoaret

Kentmere-reservoaret er eit reservoar i Kentmere-dalen i grevskapet Cumbria i England. Det ligg 10,5 km nordaust for byen Windermere. Reservoaret får vatn frå kjelda til River Kent som spring ut 1,5 km lenger nord i Hall Cove på sørsida av High Street, i tillegg til Lingmell gill som drenerer ein stor dalbotn på vestsida av Harter Fell nedanfor Nan Bield Pass.

Kentmere Reservoir
innsjø
Utsyn over reservoaret frå Froswick
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Koordinatar 54°27′54″N 2°51′27″W / 54.46500°N 2.85750°W / 54.46500; -2.85750
Kart
Kentmere-reservoaret
54°27′54″N 2°51′27″W / 54.465°N 2.8575°W / 54.465; -2.8575
Wikimedia Commons: Kentmere Reservoir

Historie endre

Reservoaret vart bygt i 1848 etter at mølleeigarane på breidda av River Kent trong meir vatn til å drive møllene sine.[1]

Etter kvart har James Cropper papirfabrikk vorte eigarar av reservoaret, men dei har ikkje behov for vatnet her, sjølv om ein papirfabrikk treng mykje vatn. I 1995 tilbaud dei nye eigarar reservoaret gratis mot at dei nye eigarane utførte reparasjonar og vedlikehald av demninga.[2] Ingen kjøparar meldte seg.

Geografi endre

Reservoar dekker 0,195 km²[3] og held 1,02 milliardar liter vatn. Det har ei 200 meter lang demning i eine enden. Innsjøen ligg mellom fjella Yoke, Froswick, Ill Bell, Thornthwaite Crag, Harter Fell, Mardale Ill Bell og Kentmere Pike.

Kjelder endre

  1. www.cleo.net.uk.[daud lenkje]
  2. Unwanted reservoar offers Lakeland idyll., arkivert frå originalen 16. mai 2011, henta 30. mars 2010 
  3. www.edenlinks.co.uk., arkivert frå originalen 27. juli 2011, henta 30. mars 2010