Keri Hulme

newzealandsk forfatter

Keri Hulme (9. mars 194727. desember 2021) var ein newzealandsk forfattar som var best kjend for romanen The Bone People (norsk Margfolket).

Keri Hulme

Statsborgarskap New Zealand
Fødd 9. mars 1947
Christchurch
Død

27. desember 2021 (74 år)
Waimate

Yrke romanforfattar, skribent, lyrikar
Religion ateisme
Keri Hulme på Commons

Oppvekst endre

Hulme vart fødd i Christchurch, på Sørøya på New Zealand. Foreldra var av engelsk, skotsk og maori- (Ngāi Tahu) avstamming. «Familien vår stammar frå ulike folk: Kai Tahu, Kāti Mamoe (maori iwi frå Sørøya), immigrantar frå Orknøyane, Lancashire, Færøyane og/eller Noreg», har Hulme fortald til magasinet Contemporary Women Poets[1].

Hulme arbeidde som tobakksplukkar i Motueka etter at ho hadde fullført skulegangen. Ho byrja å studera jus ved University of Canterbury i 1967, men avbraut studiane etter fire terminar og vende attende til tobakksplukkinga. Elles arbeidde ho som kokk og posttilsett, men også med bygningsarbeid og fiske. 25 år gammal flytta ho inn i ein einsam bustad på vestkysten av New Zealand for å kunna skriva uforstyrra, lesa, måla og fiska. Ho bur no i Okarito i West Coast.

Karriére endre

I 1972 sette Hulme seg føre å skriva på full tid, men trass i støtte frå familien, vart ho nøydd til å venda attende til arbeidet ni månadar seinare. Ho heldt fram med skrivinga, og somme av arbeida hennar vart publiserte under psevdonymet Kai Tainui. På denne tida arbeidde ho med romanen The Bone People, som til slutt vart utgjeven i februar 1984. Boka vart refusert av fleire forlag før ho vart utgjeven av Spiral Collective. I 1984 vann boka New Zealand Book Award for Fiction og Bookerprisen i 1985.[2][3]

Utmerkingar endre

  • Katherine Mansfield Memorial Award 1975;
  • New Zealand Literary Fund grant 1975, 1977 og 1979,
  • Maori Trust Fund Prize 1978
  • East-West Centre Award 1979
  • Book of the Year Award 1984
  • Mobil Pegasus Prize 1985
  • Bookerprisen 1985
  • Scholarship in Letters 1990;

Verkliste endre

Romanar endre

  • The Bone People (1984)
  • Bait og On the Shadow Side (in progress; referred to by Hulme as 'twinned novels')

Poesi endre

  • The Silences Between (Moeraki Conversations) (1982)
  • Lost Possessions (1985)
  • Strands (1992)

Noveller endre

  • Te Kaihau: The Windeater (1986)
  • Te Whenua, Te Iwi/The Land and The People (1987)
  • Homeplaces: Three Coasts of the South Island of New Zealand (1989)
  • Stonefish (2004)

Sjå òg endre

Referansar endre

  1. «Keri Hulme.» Contemporary Women Poets. St. James Press, 1998
  2. Keri Hulme." Contemporary Poets, 7th ed. St. James Press, 2001
  3. «Hulme, Keri (biography)». New Zealand Book Council. 

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre