Khálki (gresk Χάλκη), òg kalla Chalki, Halki og Khalke, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg om lag 6 km vest for Ródos. Med eit areal på 28 km² er ho ei av dei minste busette øyane i Dodekanesane, og ho har ein busetnad på 478 innbyggjarar (2011), som bur i landsbyen Emborió eller Khálki by.[1] Landsbyen er delt i to delar, Khorió og hamna.

Khálki
Lokalt namn Χάλκη
Hamna i Khálki
Hamna i Khálki
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°14′N 27°34′E / 36.233°N 27.567°E / 36.233; 27.567
Øygruppe Dodekanesane

Areal 37,0 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Ródos
Største busetnad Khálki (478 innb.)

Demografi
Folketal 478 (2011[1])
Folketettleik 12,9 /km²

Khálki er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Øya hadde tidlegare langt fleire innbyggjarar, men mange emigrerte på midten av 1900-talet. Ruinane av ei mellomalderborg laga av Maltesarordenen ligg ovanfor gamlebyen, og kapellet inneheld nokre originale fresker.

Øya har nesten ikkje vasskjelder og regnvatn vert samla i cisterner. Drikkevatn vert transportert frå Ródos, men i sommarmånadane kan det verte vassmangel.

Hovudnæringa på øya er turisme, men fiske utgjer òg ein vesentleg del av næringa.

Mellom Khálki og Ródos ligg Alimiá og mange andre mindre klippeøyar.

Byar og tettstader endre

Den einaste tettstaden i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Khálki 478

Småøyar i kommunen:

  • Ájos Theódoros (0)
  • Alimiá (0)
  • Káto Prasoúa (0)
  • Kolófonas (0)
  • Krevátia (0)
  • Maelonísi (0)
  • Makrí (0)
  • Nípouri (0)
  • Páno Prasoúa (0)
  • Strongýli (0)
  • Sfýra (0)
  • Tragoúsa (0)
  • Tsoúka (0)

Referansar endre

Kjelde endre


  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.