Khortytsia (ukrainsk Хо́ртиця, Khortytsja, russisk Хо́ртица, Khortitsa, polsk Chortyca) er eit nasjonalt kulturelt verneområde som ligg på ei av dei største øyane i elva Dnepr i Ukraina.

Khortytsia
Хо́ртиця
øy
Satellittbilete av Khortytsia.
Land  Ukraina
Oblast Zaporizjzja oblast
Stad Dnepr
 - høgd 30 moh.
 - koordinatar 47°47′N 35°06′E / 47.78°N 35.1°E / 47.78; 35.1
Lengd 12,5 km
Areal 23,59 km²
Kart
Khortytsia
47°49′N 35°06′E / 47.82°N 35.1°E / 47.82; 35.1
Wikimedia Commons: Khortytsia

Øya har spelt ei viktig rolle i historia til Ukraina, særleg historia til zaporozje-kosakkar. Denne historiske staden ligg innanfor byen Zaporizjzja. Ho strekkjer seg 12 km frå nordvest til søraust og er i snitt 2,5 km brei. Øya har eit unikt dyre- og planteliv, med eikelundar, granskog, enger og sletter. Den nordlege delen av øya er særs berglendt og strekkjer seg 30 meter over elva, medan sørsida er låg og flaumutsett.

Øya har vore busett i minst 5000 år og her finst spor etter skytarane og tidlegare kosakkiske festningar. I mellomalderen låg øya langs handelsruta frå væringane til grekarane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre