Killer av Alice Cooper

Killer
Studioalbum av Alice Cooper
Språk engelsk
Utgjeve November 1971
Innspelt 1971 i RCA i Chicago
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 37:08
Selskap Warner Bros.
Produsent Bob Ezrin
Kritikk
Alice Cooper-kronologi 
Love It to Death
(1971)
Killer School's Out
(1972)


Killer er det fjerde studioalbumet til Alice Cooper, gjevne ut i 1971.

Cooper skreiv i teksten til plateomslaga til Fistful of Alice og In the Studio with Redbeard at songen «Desperado» var skriven om venen Jim Morrison, som døydde året albumet kom ut. I følgje eit NPR-radiointervju med Alice Cooper, vart «Desperado» skriven om ein Robert Vaughn-karakter frå filmen The Magnificent Seven. «Halo of Flies» var i følgje Cooper eit forsøk på å bevise at dei kunne spele King Crimson-liknande progressiv rock, og var visstnok om ein SMERSH-liknande organisasjon. «Desperado», «Under My Wheels» og «Be My Lover» er sidan gjevne ut på forskjellige samlealbum av Cooper. Songen «Dead Babies» skapte noko kontroversar då albumet kom ut, trass i at teksten hadde eit bodskap som gjekk mot barnevald. Albumet skapte òg kontroversar på grunn av kalenderen som følgde med plata, som syner Alice Cooper hengande frå ei renneløkke med eit knivstikk i overkroppen.

Albumet nådde 21. plass på Billboard-lista og to singlar nådde Hot 100-lista. «Under My Wheels» nådde 59. plass og «Be My Lover» 49. plass.

Johnny Rotten frå Sex Pistols og Public Image Ltd. kalla Killer det største rockealbumet gjennom tidene.[5] Punkikonet Jello Biafra & The Melvins spelte songen «Halo of Flies» på albumet Sieg Howdy! i 2005. Psychobilly-musikarane Mojo Nixon go Skid Roper spelte songen «Be My Lover» på Frenzy i 1986. Power metal-bandet Iced Earth spelte songen «Dead Babies» for albumet Tribute to the Gods i 2002.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Under My Wheels»Michael Bruce, Dennis Dunaway, Bob Ezrin2:51
2.«Be My Lover»Bruce3:21
3.«Halo of Flies»Alice Cooper, Glen Buxton, Bruce, Dunaway, Neal Smith8:22
4.«Desperado»Cooper, Bruce3:30
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«You Drive Me Nervous»Cooper, Bruce, Ezrin2:28
6.«Yeah, Yeah, Yeah»Cooper, Bruce3:39
7.«Dead Babies»Cooper, Buxton, Bruce, Dunaway, Smith5:44
8.«Killer»Bruce, Dunaway6:57

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Prato, Greg. Killer - Alice CooperAllmusic. Henta 23. okt. 2011.
  2. Bangs, Lester (January 6, 1972). «Killer by Alice Cooper». Rolling Stone. Wenner Media. Henta 23. okt. 2011. 
  3. Christgau, Robert. «Consumer Guide Reviews: Alice Cooper». The Village Voice. Robertchristgau.com. Henta 23. oktober 2011. 
  4. Starostin, George. «Alice Cooper». Only Solitaire. Henta 23. okt. 2011. 
  5. Lydon, John. Liner notes Arkivert 2011-07-19 ved Wayback Machine. frå The Life and Crimes of Alice Cooper, Rhino Records Box Set, 1999, Catalog No: RHIN 75680.