TNT-ekvivalent

(Omdirigert frå Kilotonn)

TNT-ekvivalent er ein metode for å kvantifisere energien som vert utløyst i eksplosjonar. Eit «tonn TNT» er ei eining lik 4,184 gigajoule, som er omtrent energimengda frigjort i detoneringa av eitt tonn med TNT. Eit megatonn TNT er ei energieining lik 4,184 petajoule.[1]

Skjema for eksplosiv yting mot soppskyhøgd, som syner skilnade mellom den 22 kilotonn store Fat Man og den 15 megatonn store Castle Bravo.

Kilotonn og megatonn TNT har tradisjonelt vorte nytta for energiutybytte og dermed den øydeleggande krafta i kjernevåpen. I nyare tid har han òg vorte nytta for å skildre energien frigjort i andre særs øydeleggande hendingar, som asteroidenedslag. TNT er derimot ikkje den mest energirike av dei vanlege eksplosiva. Dynamitt har til dømes kring 60 % høgare energitettleik.

Gram TNT Symbol Ton TNT Symbol Energi
gram TNT g mikrotonn TNT μt 4,184×103 J
kilogram TNT kg millitonn TNT mt 4,184×106 J
megagram TNT Mg tonn TNT t 4,184×109 J
gigagram TNT Gg kilotonn TNT kt 4,184×1012 J
teragram TNT Tg megatonn TNT Mt 4,184×1015 J
petagram TNT Pg gigatonn TNT Gt 4,184×1018 J

Kjelder endre