Kilt er eit knelangt mannsplagg med faldar bak. Plagget har sitt opphav i dei skotske høglanda. Sidan 1800-talet har kilt vore eit nasjonalsymbol for Skottland. Oftast er ein kilt laga i ullstoff med tartan-mønster. Sjølv om kilten som regel er i bruk som paradeplagg og ved formelle høve, har plagget dei siste åra igjen blitt meir brukt som kvardagsplagg.

Sean Connery i kilt saman med medlemmar av United States Air Force Reserve's Pipe and Drum Band i Washington D.C. i 2004 i høve tartan-dagen.

Kjelder endre

Samandrag, omsett frå engelsk wikipedia 5. mars 2011

  Denne kledeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.