Kim Batten (fødd 29. mars 1969) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå McRae i delstaten Georgia, som vart verdsmeister på 400 meter hekk i 1995 og fekk OL-sølv 1996 og VM-bronse i 1997 i same øvinga.

Kim Batten
Statsborgarskap USA
Fødd 29. mars 1969 (55 år)
McRae
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996

Aktiv endre

Batten vart USA-meister på 400 m hekk fyrste gongen i 1991, ein prestasjon ho i perioden 1994-98 gjentok kvart einaste år. Ho tok seg til finale på langhekken både under VM 1991 og VM 1993 og enda opp som høvesvis nummer fem og fire. Våren 1995 vann ho 400 m hekk i dei panamerikanske leikane i Mar del Plata framom landskvinna Tonja Buford. Den 11. august same året gjorde begge desse utøvarane sine livs løp under VM-finalen 1995 i Göteborg. Ved målpasseringa skilde det dei to løparane 0,01 sekund, Batten tok gullmedaljen og sette samstundes ny verdsrekord med sine 52,61 sekundar.

Under Sommar-OL 1996 i Atlanta sprang Batten eit nytt godt hekkeløp og tok sølvmedaljen med tida 53,08, eit kvart sekund bak vinnaren Deon Hemmings frå Jamaica. I verdsmeisterskapen 1997 sprang Batten i mål på 53,52 sekund, nok til å sikre seg bronsemedaljen i tevlinga. To dagar etter bronseløpet på langhekken tok ho seg av den tredje etappen i 4 x 400 m stafett for USA sitt lag, eit lag som måtte ta til takke med sølv, slått med 0,11 sekund av Tyskland.

I 2001 valde Batten å legge bort friidrettsskoa, etter å ha vore skadeplaga i 2-3 år.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • VM 1991 i Tokyo: Nr 5 på langhekken – 53,98
  • VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 på langhekken – 53,84
  • VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje på langhekken – 52,61, framom Tonja Buford (52,62)
  • OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje på langhekken – 53,08, bakom Deon Hemmings (52,82)
  • VM 1997 i Aten: Bronse på langhekken – 53,52. Sølv i 4 x 400 m stafett
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane på langhekken (55,73 =nr 12)

Kjelder endre