Folkegrupper i Kina

Wikimedia-listeartikkel
(Omdirigert frå Kinesiske nasjonalitetar)

Folkegrupper i Kina er eit oversyn over større og mindre folkegrupper som lever i Kina, det vil seia i Folkerepublikken Kina og Republikken Kina (Taiwan). Han-kinesarar er den største folkgruppa, som omfattar rundt 1,2 milliardar menneske, knapt 92 % av innbyggjarane i Folkerepublikken Kina. Her opererer ein vidare med 55 nasjonale minoritetar, som er offisielt anerkjende folkegrupper. Det er semje om at landet i alle fall har kring 15-20 etniske grupper som ikkje er offisielt anerkjende (til dømes sherpaer).

Etnolingvistisk kart over Kina.
Plakat i Kina med nokre av dei 56 offisielt anerkjende folkegruppene i landet.

Det er semje om at den offisielle definisjon av nasjonale grupper i si tid var noko unøyaktig og dels uheldig, men så langt (2008) er det ikkje noko som tyder på noko offisiell revisjon av oversikta er å vente.

Minoritetsfolka utgjer samla godt over 100 millionar menneske i Kina. I 2010 utgjorde medlemmene av alle minoritetane til saman 8,49 % av innbyggjarane i Kina.[1]

Dei tradisjonelle busetjingsområda deira dekker meir enn 60 % av territoriet til Folkerepublikken Kina. Berre 18 av dei nasjonale minoritetane har ei befolkning som overskrid milliongrensa.

Dei viktigare minoritetsfolka er, etter storregion:

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre