Kinesjma

by i Russland

Kinesjma (russisk Кинешма) er den nest største byen i Ivanovo oblast i Russland med om lag 95 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 90 km nordaust for Ivanovo og strekkjer seg over 15 kilometer langs Volga.

Kinesjma
Кинешма
Horisonten til Kinesjma
Horisonten til Kinesjma
Byåpenet til Kinesjma
Byvåpenet til Kinesjma


Plassering
Kinesjma is located in Russland
Kinesjma is located in Ivanovo oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Ivanovo oblast
Først nemnt i
Bystatus
1429
1777
Borgarmeister Vitali Sidorenko
Geografi
Flatevidd
 - By

50 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

92 900
  1 858 /km²
Koordinatar 57°27′00″N 42°09′00″E / 57.45000°N 42.15000°E / 57.45000; 42.15000
Høgd over havet 110 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 155800–155819
Retningsnummer (tlf) (+7)49331
Nettstad: www.admkineshma.ru

Historie endre

Kinesjma vart første gong nemnt som ein posad i 1429. I 1504 gav Ivan III han til fyrst Fjodor Belskij, som flykta til Moskva frå Litauen og gifta seg med niesa til Ivan. Seinare gav Ivan den grufulle Kinesjma til Ivan Sjuiskij, men etter sistnemnte døydde vart han returnert til tsaren i 1587. På 15- og 1600-talet var Kinesjma eit viktig fiskerisenter, som leverte stør til tsaren. I 1608 vart byen plyndra to gonger av polakkane. Frå 1700-talet har hovudindustrien i byen vore framstilling av tekstilar.

Attraksjonar endre

Det viktigaste landemerket i Kinesjma er Treeiningskatedralen, bygt i 1838–1845 i ein typisk nyklassisistisk arkitektur. Det er òg fleire 1700-talskyrkjer i byen.

Kjelder endre