Kingisepp (russisk Ки́нгисепп eller Кингисе́пп), tidlegare Jamburg (russisk: Я́мбург) og Jama (russisk: Я́ма), er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg langs elva Luga, 137 km vest for Sankt Petersburg og 20 km aust for Narva.

Kingisepp
Кингисепп
Horisonten til Kingisepp
Horisonten til Kingisepp
Flagget til Kingisepp Byåpenet til Kingisepp
Flagget til Kingisepp Byvåpenet til Kingisepp


Plassering
Kingisepp is located in Russland
Kingisepp is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1384
1784
Borgarmeister Viktor Gesjele
Geografi
Flatevidd
 - By

44 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

50 167
  1 140,2 /km²
Koordinatar 59°22′00″N 28°36′00″E / 59.36667°N 28.60000°E / 59.36667; 28.60000
Høgd over havet 20 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 188480–188487
Retningsnummer (tlf) (+7)81375
Nettstad: www.kingisepp-mo.ru

Byen vart grunnlagd i 1384, då republikken Novgorod bygde ei festning mot svenskane der. Dei kalla ho Jama eller Jamskij Gorodok, etter ei finsk stamme som budde i området. Festninga stod imot omleiringar av Den tyske riddarordenen i 1395 og frå 1444 til 1448. På slutten av den livlandske krigen, vart han avstått til Sverige, men vart returnert tolv år seinare, i 1595. Etter freden i Stolbova hamna han igjen hos svenskene, som heldt på Jama som namn på byen.

I 1703 vart byen omsider erobra av russarane under den store nordiske krigen, etter først å ha vorte halde av russarane i ein månad seint i 1700. Russarane omdøypte byen Jamburg. Fem år seinare tildelte Peter den store byen til Aleksandr Mensjikov som hertug av Izjora. Bynamnet vart uendra til 1922, då bolsjevikane kalla opp byen etter den estiske kommunistleiaren Viktor Kingissepp. Byen må ikkje forvekslast med den estiske byen Kuressaare, som tidlegare heitte Kingissepa.

Venskapsbyar endre

Kjelder endre