Kingston på Jamaica

Denne artikkelen handlar om Kingston på Jamaica. For andre byar med same namn, sjå Kingston.

Kingston er hovudstadenJamaica, og med om lag 940 000 innbyggjarar også den største byen i landet.[1] Byen ligg søraust i landet, og har ei naturleg hamn som er beskytta av Palisadoes, ein lang sandbanke. Denne bind saman Port Royal og den internasjonale lufthamna med resten av øya.

Kingston
by
Land  Jamaica
Region Surrey
Fylke Kingston og St. Andrew
Areal 480 km²
Folketal 937 700  (2011)
Kart
Kingston på Jamaica
17°58′17″N 76°47′35″W / 17.971388888889°N 76.793055555556°W / 17.971388888889; -76.793055555556
Wikimedia Commons: Kingston, Jamaica

Byen blei grunnlagd i 1693 av engelskmennene, etter at den tidlegare hovudstaden Port Royal blei sterkt skada av eit jordskjelv.[1] Kingston har også blitt ramma av eit kraftig jordskjelv; 14. januar 1907 var eit skjelv årsal til store øydeleggingar og meir enn 1000 menneske omkom. I 1872 blei byen offisielt administrasjonssete for det britiske kolonistyret, og heldt på hovudstadsstatusen då Jamaica blei sjølvstendig i 1962.

I tillegg til å vere sete for Jamaica si regjering ligg også University of the West Indies, opna i 1948, i Kingston. Byen har også ein teknisk høgskule og ein botanisk hage.[1]

Kingston består av to hovuddelar: Sentrum, med den historiske byen, og New Kingston. I sistnemnde bydel finst ein av dei største turistattraksjonane i byen, Bob Marley-museet, som ligg i reggaelegenda sin heim. Andre attraksjonar er blant anna strendene Hellshire og Lime Cay, National Gallery of Jamaica og Devon House, ein staseleg heim med parkanlegg som ein gong var eigd av den første svarte millionæren på Jamaica.

Byen er det viktigaste handels- og industristenteret i landet. Det blir eksportert bananar, kaffi, sukker, tobakk og aluminium herfrå. Kingston tek også imot mange cruiseskip.[1] Kingston har to flyplassar, Norman Manley internasjonale lufthamn og ei mindre innanrikslufthamn ved Tinson Pen.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kingston: i Jamaica». Store norske leksikon. 28. mars 2012.