Kinlochleven er ein landsby i i distriktet Lochaber regionen Highland i Skottland. Byen blir delt i to av ei lita elv. Den sørlege delen heiter Kinlochleven, medan den nordlege heiter Kinlochmore. Han ligg i enden av Loch Leven, som trass namnet ikkje er ein innsjø men ein fjordarm som består av saltvatn. Landsbyen har i dei siste åra vorte ein svært populært stoppestad for fotturistar som går den berømte West Highland Way.

Kinlochleven

skotsk-gælisk Ceann Loch Lìobhann
Kinlochleven slik ein ser det frå fjella i nord
Kinlochleven slik ein ser det frå fjella i nord
Kinlochleven slik ein ser det frå fjella i nord
Plassering
Kinlochleven is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Highland
Geografi
Koordinatar 56°43′N 4°58′W / 56.717°N 4.967°W / 56.717; -4.967
Diverse annan informasjon
Postnummer PH50 4
Commons har multimedium som gjeld: Kinlochleven

Årleg har landsbyen besøk av rundt 100 000 turistar og er i dag ein av dei fem mest vitja stadane i Skottland. Tidlegare var det industrien, og då særleg aluminiumsverket som bar byen økonomisk. I dag har turismen naturleg nok teke meir over som hovudnæring.

Det bur rundt 1000 innbyggjarar i landsbyen, fordelt på omkring 420 husstandar. Svært mange av dei desse livnærer seg ekstra ved å drive ein Bed and Breakfast for dei mange vandrarane.

Ice Factor slik han framstår i dag

Attraksjonar endre

  • Ice Factor er den mest kjende attraksjonen i byen og er det høgaste isklatresenteret innandørs i verda. I tillegg til klatreveggen av is, finst det fleire andre vanlege klatrevegger med ulik vanskegrad. Inne i Ice Factor finn ein òg ein bistro og ein kafeteria.
  • Naturen rundt Kinlochleven er det dei fleste turistane valfartar for å oppleve. Med nærleiken til mektige Glen Coe i sør, og fjellvegen til Fort Williman nordover, er vala mange.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre