Kinnekulle er eit fjell og fjellområde ved søraustbreidda av Vänern i Götene kommun i Sverige.

Kinnekulle er eit såkalla platåfjell eller mesa, kring 306 moh på det høgaste. Alt tidleg i mellomalderen fanst det steinindustri i området, og framleis er det nokre steinhoggeri att. Kinnekulle er oppbygd av bergartar som er avleira frå kambrium til silur. Nedst, på peneplanet til det prekambriske grunnfjellet ligg sandstein, og deretter følgjer alunskifer, kalkstein, leirskifer og diabas.

Kinnekulle er eit populært turistmål, ikkje minst dreg mange dit for å sjå stadane som Jan Guillou har skrive om i romanane om Arn.

Kinnekulle sett frå hamna i Lidköping

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre