Kirkenes

by i Sør-Varanger i Finnmark

Kirkenes (nordsamisk Girkonjárga, skoltesamisk K'eârggnjargg[1], finsk Kirkkoniemi) er ein by og administrasjonssenteret i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Byen ligg ved Bøkfjorden, om lag ei mil frå grensa til Russland. Han har rundt 3300 innbyggjarar,[2] ein del av dei russiske innflyttarar. Kirkenes fekk sin bystatus i 1998. Neset mellom Pasvikelva og Langfjorden vart tidlegare kalla «Piselvnes». I 1862 vart det bygd ei kyrkje på neset og namnet vart endra til til «Kirkenes».

Kirkenes
By
MS «Trollfjord» til kai i Kirkenes.
Februar 2010.
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Areal 2,14 km²
Folketal 3 404  (2023)
Folketettleik 1 591 / km²
Postnummer 9900 KIRKENES
Kart
Kirkenes
69°43′37″N 30°02′42″E / 69.72708°N 30.04511°E / 69.72708; 30.04511
Wikimedia Commons: Kirkenes
Gågata i Kirkenes i februar 2005.

Barentssekretariatet, som har til oppgåve å skapa kulturelle, økonomiske og utdanningsmessige band i Barentsregionen, held til i Kirkenes. Ikkje langt frå byen ligg Garnisonen i Sør-Varanger.

Kirkenes er endepunkt for Europaveg 6, og vendepunkt for Hurtigruta.

Historie endre

Kirkenes var ein av dei mest utbomba byane under den andre verdskrigen, berre Malta skal ha vore hardare ramma. Etter 320 luftåtak og over tusen alarmar stod 13 hus att. Byen vart frigjord av Den raude arméen 25. oktober 1944.

I 2019 vart 75-års dagen for frigjeringa av Kirkenes feira med ein seremoni på torget.[3] Til stades var mellom anna den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov, statsminister Erna Solberg, utanriksminister Ine Eriksen Søreide og kong Harald.

Kulturinstitusjonar endre

Kjelder endre

  1. Fornyings-, administrasjons-og kirkedepartementet (20. august 2018), «Fakta om samiske språk», Regjeringen.no (på norsk), henta 6. januar 2020 
  2. Kjelde: SSB
  3. «Lavrov i Finnmark: Vil ha norsk hjelp til bedre sikkerhet i Europa», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 5. november 2019 
  4. Krogh, Astrid (3. september 2016), «Verdens største Savio-samling kommer hjem», NRK (på norsk bokmål), henta 5. november 2019 

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre