Kirsten Brosbøl

dansk politikar

Kirsten Brosbøl (fødd 14. desember 1977 i Odder) er ein dansk sosialdemokratisk politiker. Ho var medlem av Folketinget 2005–2019 og miljøvernminister i Danmark i 2014–2015.

Kirsten Brosbøl

Fødd14. desember 1977 (46 år)
Odder
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiSocialdemokratiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedRoskilde Universitet
University of Sussex
MedlemUddannelses- og Forskningsudvalget
Alle verv
  • Danmarks miljøminister (2014–2015)
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • folketingsmedlem
  • medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling (2005–2006) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke endre

Brosbøl vaks opp i Odder som dotter av muraren og skomakaren Lars Peter Brosbøl og sjukepleiaren Bente Skødt Jensen. Ho gjekk amtsgymnaset i Odder og tok mastergrad i freds- og konfliktstudium ved University of Sussex i 2003 og kandidatgraden i statsvitskap ved Roskilde Universitetscenter i 2005.[1]

Brosbøl var praktikant og rådgjevar for dei danske sosialdemokratane i Folketinget og Europaparlamentet 2001–2005. I 2005 blei ho vald inn i Folketinget frå Århus amtskrins, som etter strukturreformen i 2007 inngjekk i Østjylland storkrins. Ho har vore Socialdemokratiet sin ordførar for forsking og høgare utdanning, matvarer og likestilling. Ho har vore medlem av den parlamentariske forsamlinga til Europarådet.[1] Ho tilhøyrer krinsen rundt Mette Frederiksen.[2] Hüseyin Arac møtte som varamedlem av Folketinget då Brosbøl var i barselspermisjon i 2010–2011.[3][4] Brosbøl var miljøvernminister i den andre regjeringa til Helle Thorning-Schmidt 2014–2015.[1] I 2017 sa ho frå seg attval ved neste folketingsval.[5]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kirsten Brosbøl (S)» (på dansk). Folketinget. Henta 10. mars 2019. 
  2. Ritzau (3. februar 2014). «Overraskelse: Kirsten Brosbøl bliver ny miljøminister». Jyllands-Posten (på dansk). Arkivert frå originalen 8. september 2014. Henta 11. august 2014. 
  3. Petersen, Hans (1. oktober 2010). «Kirsten Brosbøl er gravid og tager orlov». Århus Onsdag (på dansk). Arkivert frå originalen 12. august 2014. Henta 11. august 2014. 
  4. «Hüseyin Arac (S)» (på dansk). Folketinget. Henta 10. mars 2019. 
  5. Balslev, Jesper (14. desember 2017). «Kirsten Brosbøl fylder rundt: Østjyden er klar til at forlade Folketinget». Århus Stiftstidende (på dansk). Henta 16. juni 2019.