Kithara er namnet på eit klimpreinstrument som var brukt i det gamle Hellas, der det var eit av dei viktikaste instrumenta, og Romarriket.

Romersk kvinne med ein kithara. Freske frå Boscoreale i Italia, om lag 40-30 f. Kr.

Kitharaen var ei lyre med sju strengar og ein djup resonnanskasse i tre. Instrumentet blei hovudsakleg brukt av profesjonelle musikarar, ettersom det var meir komplisert enn den vanlege lyra.

Den greske diktaren Arion var ein kjend kitharist.

Fleire moderne instrument kan seiast å stamma frå kitharaen, både når det gjeld namn og spelemåte. Dette gjeld til dømes gitar og siter.