Kjønnsdiskriminering

Kjønnsdiskriminering eller sexisme vil seie at det vert gjort skilnad på folk med omsyn til deira rettar og plikter berre på grunnlag av deira kjønn. Vanlege former for kjønnsdiskriminering gjennom tidene er at menn og kvinner har eller har hatt ulik tilgang til liv og helsestell, mat, utdanning, og høve til å ta del styre og økonomi i samfunnet[1].

Vitseteikning frå 1869 der dei dåverande kjønnsrollene er snudd på hovudet: Kvinnene dreg ut i samfunnet medan mennene steller heime.

I Noreg er det fastsett forbod i Likestillingsloven mot kjønnsdiskriminering.

Døme endre

Eit av dei tydelegaste døma på diskriminering i dagens samfunn er når kvinner får mindre betalt enn menn for å utføre det same arbeidet, for arbeid som krev den same utdanninga, eller eit arbeidsområde vert reservert anten for berre kvinner eller berre menn etter gamal vane. I samfunnet vårt er det soleis mange fleire mannlege enn kvinnelege leiarar, utan at dette treng å ha si årsak i at det ikkje er like mange kvinner som menn som ynskjer å vere leiarar, men at gamle kjønnsrollemønstre legg for store byrder på kvinnene i det daglege. Eit anna døme på kjønnsrollermønstre er skilnaden mellom kvinner og menn når det gjeld den lovfastsette militære verneplikta som finst i mellom anna Noreg og Tyskland. Spørsmåla om kjønnsrollemønstre og kjønnsdiskriminering melder seg òg når det gjeld i kva mon lovreglar og domstolsavgjerder gjer skilnad på kvinner og menn, som til dømes i saker om økonomisk oppgjer etter oppløysing av ekteskap og sambuarskap, avgjerder om rett til samvere og samliv med borna etter slike oppløysingar, om menn og kvinner vert dømd etter same krav til skuld i straffesaker, og om same synet på utmålinga av straffen vert lagt til grunn.

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre