Kjønnshår (med. pubes) er kroppshår som veks over underlivsbeinet i området rundt dei ytre kjønnsorgana til menneske etter kjønnsmogning. Håra er litt grovare enn hovudhår.

Kvinneleg kjønnshår
Mannleg kjønnshår

Forma på området som er dekt med kjønnshår varierer frå person til person og etter kjønn. Kjønnshåret byrjar å vekse ut i starten av puberteten etter påverking frå kjønnshormon. Før puberteten veks finare vellushår i dette området. Fargen på kjønnshåret kan avvike mykje frå håret på hovudet. Dei fleste har mørkare kjønnshår enn dei har på hovudet, men det kan òg vere omvendt. Ofte liknar fargen mykje på augebrynsfargen til same individ. Hjå kvinner dekker det ofte venusberget og er trekantforma med spissen peikande nedover. Hjå menn kan ein gradvis minkande hårvekst nærma seg navlen og dermed likna ein trekant med spissen oppover.

Fjerning av kjønnshår endre

Ein har fjerna kjønnshår i fleire kulturar. I vestlege kulturar har tendensen til å fjerna eller klippa kjønnshår vakse sidan 1960-talet, til dømes for at det ikkje skal synast utanfor badebuske eller bikini. Det finst mellom anna salongar der ein gjer dette.

Kjelder endre

«kjønnshår (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kjønnshår