Eit kjøpesenter er ei samling butikkar i eitt eller fleire bygg.

Det enorme kjøpesenteret i eitt av Petronastårna i Kuala Lumpur.

Kjøpesenterhistoria kan førast tilbake til vestasiatiske basarar frå nihundretalet eller tidlegare. I Europa tok ein til å byggja innelukka arkadar til å handla i på attenhundretalet. Burlington Arcade i London opna i 1819 medan Galleria Vittorio Emanuele II, på storleik med eit moderne kjøpesenter, opna i Milano på 1860-talet.

Med aukande privatbilisme leia USA utviklinga av kjøpesenter utanfor bysentrum. Desse kunne ein berre køyra til, men når ein først var der kunne ein kjøpa alt det ein ville ha, og meir til. Kjøpesentra blei populære valfartsstader som etter kvart spreidde seg til resten av verda.

Sjå òg endre