Kjøpsvik

tettstad i Narvik i Nordland

Kjøpsvik (lulesamisk Gásluokta) er ein tettstad i Narvik kommune. Han var administrasjonsstad i tidlegare Tysfjord kommune i Nordland fram til år 2020. Staden ligg på austsida av Tysfjorden. Kjøpsvik har 780 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Kjøpsvik
stad
Veg i Kjøpsvik med Stetind i bakgrunnen

Foto: Helge Høifødt

Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Narvik
Areal 0,97 km²
Folketal 780  (2023)
Folketettleik 804 / km²
Kart
Kjøpsvik
68°05′46″N 16°22′25″E / 68.0961°N 16.37368°E / 68.0961; 16.37368
Wikimedia Commons: Kjøpsvik

Kjøpsvik har ferjesamband over Tysfjorden til Drag. Vegsambandet til E6 på Sætran i Ballangen vart opna i 1992.

Ei viktig bedrift i Kjøpsvik er Norcem sin sementfabrikk på staden. Sementproduksjonen starta i 1920 med råstoff frå eit stort kalksteinsfelt som strekkjer seg nordover frå Kjøpsvik. I dag er sementfabrikken den nest største arbeidsplassen i Tysfjord.[1]

Galleri endre

Kjelder endre

  Denne Nordlandartikkelen som har med geografi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.