Ei kjegleflate er på ei kjegle ei flate i rommet som ein får ved at ei rett linje dreier seg om eit punkt på linja, og samstundes støttar seg til ei kurve kalla direktrisa eller styrelinja. Den rette linja blir kalla generatrisa eller den skildrande linja, og det faste punktet er toppunktet for kjegleflata. Når styrelinja er ein sirkel, vert kjegleflata kalla sirkulær, og linja frå toppunktet til sentrum av sirkelen vert kalla aksen. Når aksen står vinkelrett på planet til styresirkelen er kjegleflata ei omdreiingskjegleflate, og han kan òg skildrast av det eine beinet til ein vinkel når vinkelen dreier seg om det andre. Kjegleflata vert då sagt å vere rett. I motsett fall vert han sagt å vere skeiv. Kvar ei fullstendig kjegleflate består av to delar (kapper), éin på kvar side av toppunktet.

Ei sirkulær kjegleflate

Kjelder endre