Kjell Jacob Sollie

Norsk langrennar

Kjell Jacob Sollie (fødd 26. juni 1953) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Han driv i dag eit byggfirma i heimbygda Ålen i Sør-Trøndelag.

Kjell Jacob Sollie
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. juni 1953 (70 år)
Røros
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1980

Karriere endre

Sollie vann sølvmedaljen på 15 km under noregsmeisterskapen i langrenn 1977. Han kom i mål 3,7 sekund etter noregsmeisteren, Tore Gullen, men seks og åtte sekund føre dei neste på resultatlista, Magne Myrmo og Oddvar Brå. To år seinare vart det bronse på femmila under NM, berre Oddvar Brå og Lars Erik Eriksen gjekk fortare. Same sesongen gjekk han sitt truleg beste renn, han vart då nummer tre i verdscuprennet over 30 km i Falun, bak vinnaren, svensken Sven-Åke Lundbäck og Nikolaj Zimjatov frå Sovjetunionen. Sollie tevla for Ålen Idrettslag.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1977: Nr 11 på 15 km i Holmenkollen
  • 1979: Nr 3 på 30 km i Falun

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar