Ein frase i lingvistikk er kjerneinitial dersom kjernen (også kalla hovudet) kjem føre attributtane. Denne frasetypen blir òg kalla venstreforgreinande.

Eit språk med kjerneinitiale frasar endre

Det vestafrikanske språket fulfulde har så å seie berre kjerneinitiale frasar. Eit døme er nomenfrasen:

  • na'i daneeji ɗiɗi 'to kvite kyr'

Her er substantivet na'i' 'kyr' ein kjerne (eller eit hovud) som er følgd av to attributtar, adjektivet daneeji 'kvite' og talordet ɗiɗi 'to'.

Preposisjonsfrasen er òg kjerneinitial i fulfulde:

  • bannge maayo 'nær elva'

Her er preposisjonen bannge 'nær' ein kjerne (eller eit hovud) som er følgd av ein attributt, ein nomenfrase som inneheld substantivet maayo 'elv'.

Eit verbal pluss eit objekt kan analyserast som ein verbfrase der verbalet er kjerne, og atter har fulfulde døme på ein kjerneinitial frase:

  • tawii [na'i daneeji ɗiɗi] 'fann to kvite kyr'

Her er verbalet tawii 'fann' ein kjerne som er følgd av ein attributt, objektet na'i daneeji ɗiɗi 'to kvite kyr', som er ein nomenfrase.

Motsetnaden til ein kjerneinitial frase er ein kjernefinal frase.