60°44′48″N 07°08′09″E / 60.74667°N 7.13583°E / 60.74667; 7.13583

Kjosfossen
Tog på Flåmsbana stoppar ved Kjosfossen haldeplass slik at dei reisande kan få sjå fossen.
Foto: Filipe Carvalho

Kjosfossen er ein foss i Flåmselvi i Aurland kommune i Vestland. Fossen, som er ein av Norges mest vitja turistattraksjonar,[1] ligg like nedom Reinungavatnet, øvst i Flåmsdalen. Fossen har ei total fallhøgd på 225 meter, fordelt på fleire fall med ei horisontal lengd på rundt 700 meter.[2]

Flåmsbana passerer rett framom og over den nedre delen av fossen, og fossen er ein av hovudattraksjonane for turistane som tek Flåmsbana. Her ligg Kjosfossen haldeplass, som vart opna i 1951 for at dei som reiser med banen skal kunne gå av toget og oppleve fossen på nært hald.[3] Fossen og haldeplassen ligg rundt fire kilometer frå Myrdal stasjon. Under hovudturistsesongen om sommaren vert det halde ei stutt huldreframsyning med musikk og dans oppe ved fossen når toget kjem inn på haldeplassen.

Det er bygd eit mindre kraftverk i fossen, Kjosfoss kraftverk, for å gje straum til baneanlegget.[4]

Kjelder endre

  1. dagsavisen.no: «Norges mest besøkte turistattraksjoner», arkivert frå originalen 23. mars 2021, henta 16. november 2009 
  2. Ole Kristian Spikkeland (1999), Verneverdier og brukerinteresser i Flåmsvassdraget, Norges vassdrags- og energidirektorat, s. 17.
  3. jernbaneverket.no: «Kjosfossen», arkivert frå originalen 15. august 2011, henta 16. november 2009 
  4. Kjosfossen Arkivert 2006-10-08 ved Wayback Machine., flamsbana.no
  • Denne artikkelen bygger på «Kjosfossen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. november 2009.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kjosfossen