Klasse i matematikk

samling av mengder som kan definerast ut ifrå eigenskapen til ein av medlemene

Klasse er eit omgrep innan mengdelære. Eit matematisk system S kan delast inn i undersystem eller klassar A, B, osv, slik at klassane til saman utgjer heile S og ingen av dei har felles element.

Eit døme er heiltala, som kan delast inn i like og ulike tal. To element vert sagt å vere ekvivalente når dei høyrer til same klasse. Ei klasseinndeling definerer derfor eit ekvivalensomgrep i systemet, og omvendt gjev kvar ekvivalens ei inndeling i ekvivalensklassar.

Kjelder endre