Klassisk arkeologi

Klassisk arkeologi er arkeologi som har som studium og forskingstema leivningane og ruinane etter dei gamle kulturane kring Middelhavet. I streng meining står omgrepet klassisk arkeologi for arkeologisk verksemd knytt til forsking på leivningane og ruinane innanfor det gamle Romarriket og antikkens Hellas. Men i vidare meining femnar omgrepet òg om kulturar som var forløparar til desse kulturane, eller som har påverka dei, slik som mykensk og minoisk kultur i det som no er Hellas, etruskisk kultur i det som no er Italia, og det som gjeld de eldre tidene av det bysantinske riket.

Arkeologiske utgravingar av det som er att av ein bygning frå hellenistisk tid i Helike (gresk: Ἑλίκη) på Peloponnes ved Korintbukta i Hellas. Bygningen har truleg vore eit fargeri for klede.

Mange universitet i ulike land har klassisk arkeologi på programmet, og driv arkeologiske utgravingar og granskingar med løyve frå styresmaktene i det landet dei er interessert i. Fleire av universiteta, mellom anna norske universitet, har òg eigne institutt i Roma og Aten. Universitetet i Oslo driv Det norske institutt i Roma for klassisk arkeologi og kunsthistorie, og universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø driv i fellesskap Det Norske Institutt i Athen for klassiske studier, arkeologi og kulturhistorie.