Klassisk fysikk er fysikken før kvanteteorien og relativitetsteorien oppstod, eller dei delane av fysikken som kan handsamast utan at det vert teke omsyn til kvanteeffektar.

Den klassiske fysikken vart utvikla av blant andre Newton, Lagrange og Hamilton. Han baserer seg utelukkande på deterministiske prinsipp i motsetnad til kvantefysikken. Det er vanleg å inkludere den spesielle relativitetsteorien i klassisk fysikk.

Det er ingen spesielle avgrensingar i tilhøve til der dei klassiske prinsippa kan nyttast, men i praksis startar ein skalamessig ved atomet og molekylet når det omhandlar partiklar og går oppover til makroskopisk og astronomisk storleiksorden.

For skildring av detaljar i atom og interaksjonen mellom atom i molekyl er klassisk fysikk ikkje høvande. Òg for skildring av elektromagnetisk stråling har klassisk fysikk vist seg å ha einskilde avgrensingar.

Klassisk fysikk er skildra gjennom følgjande delområde:

Eit hovudparadigme i dagens fysikk er at dei fundamentale naturlovene er gjevne av kvantefysikken, og at klassisk teori kan utleiast frå kvantemekanisk teori nytta på ein makroskopisk skala.

Kjelder endre