Kleine Emme er ei elv i kantonen Luzern i Sveits og ei av sideelvane til Reuss frå venstre. Ho er 58 km lang og har eit nedslagsfelt på 477 km². Elva må ikkje forvekslast med Emme i kantonen Bern.

Kleine Emme
elv
Dalen Waldemmen som Kleine Emme renn gjennom
Land  Sveits
Kanton Luzern
Nedslagsfelt 477 km²
Lengd 58 km
Kjelde ved Brienzer Rothorn
 - koordinatar 46°48′38″N 8°6′0″E / 46.81056°N 8.10000°E / 46.81056; 8.10000
Munning Reuss
Kart
Kleine Emme
46°48′05″N 8°04′00″E / 46.801388888889°N 8.0666666666667°E / 46.801388888889; 8.0666666666667
Wikimedia Commons: Kleine Emme
Elvesone

Kleine Emme spring ut som Waldemme sørvest i kantonen Obwalden, ved Brienzer Rothorn-massivet ved Emmensprung, og renn nordvestover langs Mariental, forbi Sörenberg. Ho svingar nordover når ho går inn i Entlebuch-området, der ho møter Weissemme nær Schüpfheim og Entlen ved Entlebuch. Etter å ha teke i mot Fontannen svingar ho austover ved Wolhusen der ho møter Wigger og seinare Rümlig. Frå her renn ho parallelt med fjellet Pilatus, forbi Malters, og munnar ut i Reuss ved Emmen, to kilometer nedanfor Vierwaldstättersee.

Kjelder endre