Klepp kommune

kommune i Rogaland

Klepp kommune ligg på Jæren i Rogaland fylke og grensar i nord til Sola og Sandnes, i aust til Time og i sør til . Kommunen har hatt dei same grensene sidan formannskapslova i 1837.

Klepp kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Kleppe
Areal 113,49 km²
 - land 102,63 km²
 - vatn 10,86 km²
Folketal 20 900  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Kjetil Maudal (Frp)
Kommunenr. 1120
Kart
Klepp
58°46′38″N 5°35′48″E / 58.777222°N 5.596667°E / 58.777222; 5.596667
Wikimedia Commons: Klepp
Nettstad: www.klepp.kommune.no

Administrasjonssenter i kommunen er Kleppe. Lokalavisa er Jærbladet som òg dekkjer kommunane Hå og Time.

Kommunenamn og -våpen endre

Namnet Klepp stammar frå norrønt Kleppr. Dette tyder klump, som truleg opphavleg vart brukt om høgda Kleppvarden. Ein person frå Klepp blir kalla kleppsbu.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon i 1972. Motivet er ein steinkross frå kring år 1000. Krossen står på gravhaugen Krosshaug. Like ved er Tinghaug. Tinghaug er det høgste punktet på Låg-Jæren, og var tingstad i jernalderen.

Geografi endre

 
Orrestranda i Klepp

Klepp strekkjer seg austover til Frøylandsvatnet og ligg på Låg-Jæren med høgste punkt på 102 moh. Langsetter kysten er sanddyner lagt opp av brenningar og vind, og sør for Orrevatnet er det blåst særleg mykje sand innover land. Det er planta marehalm og buskfuru på dynene for å hindra vidare sandflukt. Nordover er jorda grovare, og nord for Orrevatnet er ho danna av morenemateriale frå ein daudismasse. Mellom Frøylandsvatnet og Figgjoelva i nordaust er det mest utvaska jord som er lagt opp av breelvar på slutten av siste istid.

Dei eldste gardane ligg på morenehaugar i terrenget, ofte i tette klyngjer. Dei største tettstadene i kommunen er administrasjonssenteret Kleppe/Verdalen med  innbyggjarar per 1. januar 2023 og Pollestad med  innbyggjarar per 1. januar 2023. Av andre tettstader kan nemnast Orstad og Voll. I tillegg ligg delar av tettstadene Bryne og Kvernaland i Klepp. Elles er det jamn busetnad i kommunen.

Historikk endre

Dei eldste spora etter busetnad i Klepp kan førast attende til 6000 fvt. På den tida var det store skogar av eik i området. Fleire runeinnskrifter stammar frå Klepp. I Kleppe er det bygdemuseum. Den gamle kyrkja i Orre, attmed elva frå Orrevatnet, er frå 1250 og vart bygd på i 1864. På Revtangen er det ornitologisk stasjon som ei avdeling av Stavanger Museum.

Næringsliv endre

 
Dagmerke ved Jærens rev

Klepp er ein viktig jordbrukskommune der 72% av arealet i kommunen er dyrka jord. Jordbruket er kjenneteikna av ei intensiv og variert driftsform som gjev god økonomisk vinning. Kommunen er størst i fylket innan produksjon av korn, poteter og grønsaker på friland. I tillegg har veksthusnæringa vore i vekst. Industrien i kommunen heng saman med jordbruket og er konsentrert til kommunesenteret Kleppe, Klepp stasjon og Øksnevad. Her er næringsmiddelindustri som meieri og potetindustri, i tillegg til verksemder som lagar reiskapar til landbruk. Elles er offentleg og privat tenesteyting viktige næringsvegar i Klepp.

Samferdsle endre

Dei viktigaste vegane i Klepp er Jærvegen Rv44 og Solavegen Fv510. Jærbanen går gjennom austre delen av kommunen, med stoppestader på Klepp stasjon og Øksnevadporten (Orstad). I Klepp ligg Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.

Skular endre

Klepp har til saman 10 skular, mellom dei er 6 barne-, 2 ungdoms- og 2 kombinerte (barne+ungdoms) skular. Barneskulane er Bore skule, Engelsvoll skule, Horpestad skule, Kleppe skule, Tu skule og Vasshus skule. Dei to ungdomsskulane er Bore ungdomsskule og Klepp ungdomsskule, medan dei to kombinerte skulane er Orre skule og Orstad skule.

Skulemål endre

Klepp ligg i randsona mellom nynorsk og bokmål, medan bokmålet er sterkast i dei nordlege grannekommunane Sola og Sandnes, har nynorsken overtaket i dei sørlege grannekommunane og Time. I Klepp har det vore ein jamn attergang for målet siden kring år 2000, og i 2012 har kring 6 av 10 elevar nynorsk som hovudmål.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

58°46′35.6″N 5°37′48.3″E / 58.776556°N 5.630083°E / 58.776556; 5.630083