Klezmermusikk er den tradisjonelle austaskenasiske instrumentelle folkemusikken. Det finst mange ulike stilar av klezmermusikk, men i hovudtrekk kan ein seie at klezmermusikken har ein kompleks tonalitet som er kjenneteikna av mykje bruk av molltoneartar, kromatikk, forstørra sekundar, sterkt ekspressiv intonasjon. Rytmisk sett er klezmermusikken enklare: Mesta all klezmermusikk kan grupperast i to- og tredelt takt. Innanfor todelt takt er det mykje bruk av synkopar.

Lebedik un Freilech i Wien i 2009.

Ordsoge endre

Namnet klezmer, uttalt med stemt s i klezmer, kjem av hebraisk כְּלֵי זֶֽמֶר [kə'le: 'zemer], som direkte omsett tyder ‘songreiskap’. På jiddisch kom ordet til å tyde ‘musikar’ — ein klezmer, fleire klezmórem. Musikken som klezmórem spelar blir helst kalla klezmermusikk, men kan òg rett og slett bli kalla klezmer.

Klezmermusikk i Skandinavia endre

Dei viktigaste klezmerensembla i Noreg er ensemblet Sturm und Drang og Goylem Space Klezmer, begge med base i Oslo samt Urban Tunélls klezmerband i Trondheim.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Klezmermusikk
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.