Klima i Argentina

Klimaet i Argentina er kanskje det einaste klimaet i Sør-Amerika som kan likne det ein har i Nord-Amerika og Europa med fire årstider i enkelte område. Det meste av landet er varmt om sommaren og kjølig om vinteren, men klare overgangsperiodar i mellom. Store delar av Argentina har mykje sol, utan at områda vert ørken, enkelte område har meir enn 100 skyfrie dagar i året. Når det regnar er det ofte i form av regn- eller torebyer som passerer raskt forbi.

Det meste av folkesetnaden i Argentina bur langs Paranáelva eller på Rio de la Plata, som vrir seg austover mot Atlanterhavet like aust for Buenos Aires. Desse elvene kan ein bruke som meteorologiske grenser. Austover mot Uruguay og Paraguay aukar nedbørsmengdene og fukta. Buenos Aires er ganske lummer om sommaren, men det er ikkje så trykkande som i Rio de Janeiro lenger nord. I nord ligg låglandet Gran Chaco som strekkjer seg nordvestover og inn i Paraguay. Dette er det varmaste området i heile Sør-Amerika, og kvar sommar kan ein få dagar med temperaturar over 45 °C. Vinteren er derimot forholdsvis kald.

Pampas i Argentina

Vest og sør for Paraná ligg det store pampasområdet med endelause vidder utan tre. Her er det rikeleg med sol, og stundom svært varmt på sommaren med milde netter. Mange ettermiddagar oppstår det torevêr nær Andesfjella som flyttar seg austover. Desse kan bli ganske intense, og store hagl er alltid ein trugsel, særleg i og rundt Sierras de Córdoba, men det kjem sjeldan ekstreme regnmengder. Særleg om våren kan ein få svært høge temperaturar i dette området i samband med vindfenomenet zonda. Dette er ein støvete fønvind som bles ned Andesfjella. Vinteren er stort sett kjølig, men temperaturane kan variere frå godt under 0 °C til over 25 °C. Høglandet Puna de Atacama har like store temperatursvingingar, men med ein god del lågare temperaturar. I høgder over 4000 m kjem temperaturen så godt som aldri over 20 °C sjølv på sommaren. Ein har ofte torevêr i dette området om sommaren, men dei vert meir sjeldan når ein kjem lenger sørover langs dei austlege områda av Andes.

Patagonia

Ettermiddagane om sommaren vert ganske varme i låglandet så langt sør som til Rio Negro-provinsen, men når ein kjem inn i Patagonia lengst sør, vert temperaturane lågare, skyene fleire og vinden kraftigare. Om vinteren er det stort sett skya i Patagonia. Om sommaren har ein periodar med sol lengst nord, medan sommaren i dei sørlegaste områda faktisk er den mest skya og vindfulle tida på året. Den argentinske delen av Patagonia er mykje tørrare enn den chilenske delen, og mange område kan klassifiserast som ørkenområde med mindre enn 200 mm nedbør i året. Sjølv om det kjem mest nedbør om sommaren, er nedbøren ganske jamt fordelt gjennom året. Temperaturane varierer i tillegg litt meir på den argentinske sida av området. Så langt sør som Sarimiento kan temperaturane kome over 25 °C om sommaren, medan dei fleste vinternettene får frost. Det vert kaldare lenger sør eller i høgda, og enkelte lukka dalar i høgder over 4000 m kan få temperaturar under -20 °C.