Klimaendringa i 535-536

Klimaendringa i 535–536 var den kraftigaste og mest langvarige nedkjølingsepisoden på den nordlege halvkula dei siste 2000 åra.[1] Ein trur hendinga kan ha kome av eit omfattande slør av støv i atmosfæren, kanskje etter eit kraftig vulkanutbrot i tropane,[2] eller avfall frå eit kraftig nedslag på jorda frå verdsrommet.[3] Effekten var omfattande og førte til uvanlege vêrtilhøve, avlingar som slo feil og hungersnaud verda over.[3]

Dokumenterte prov endre

Den austromerske historikaren Procopius skreiv i 536 om krigane mot vandalane at «i løpet av dette året kom eit frykteleg dårleg varsel. Sola skein utan lysstyrke, og det verka umåteleg som sola var dekt til, for strålane hennar var ikkje klåre».[4][5]

Dei gæliske irske årbøkene[6][7] omtalte følgjande:

I tillegg har fleire andre sjølvstendige kjelder rapportert om hendingar:

  • Låge temperaturar og til og med snø om sommaren (det fall visstnok snø i august i Kina, som utsette innhaustinga der)[8]
  • Avlingar slo feil[9]
  • «Ei tett, tørr skodde» i Midtausten, Kina og Europa.[8]
  • Tørke i Peru, som påverka Moche-kulturen[8][10]

Vitskaplege prov endre

Analyse av årringar hos irske eiketre som voks i denne tida har vist unormalt låg vekst i 536 og eit anna skarpt fall i 542, etter at dei delvis kom seg. Liknande mønster er funne i årringar frå Sverige og Finland, i Sierra Nevada i California og i Fitzroya-tre i Chile. Iskjerner frå Grønland og Antarktis har gjeve bevis på store sulfatavsettingar rundt 533-534 ± 2 år, som viser at det må ha vore eit omfattande syrehaldig støvslør i atmosfæren.[2]

Mogelege forklaringar endre

Ein har gjetta på at desse endringane kom av oske eller støv som vart kasta opp i lufta etter eit nedslag frå ein komet[11] eller meteoroitt,[12][13] eller etter eit vulkanutbrot (eit fenomen kalla vulkanvinter).[14] Spora etter sulfatavsettingar i iskjerner er ei kraftig støtte til hypotesen om eit vulkanutbrot. Sulfatavsettinga var til og med meir intens enn avsettinga i samband med klimaforstyrringa i 1816, populært kalla «året utan sommar», som er knytt til vulkanutbrotet til TamboraSumbawa i Indonesia.[2]

I 1984 la R. B. Stothers fram ein hypotese om at hendinga kan ha vorte skapt av vulkanen Rabaul i det som i dag er Papua Ny-Guinea.[15]

I 1999 foreslo David Keys i boka Catastrophe: A Quest for the Origins of the Modern World (med støtte i arbeidet til den amerikanske vulkanologen Ken Wohletz), at det var vulkanen Krakatoa i Indonesia som eksploderte og skapte desse endringane.[14] Han foreslo at eit utbrot frå Krakatoa som skulle ha funne stad i år 416 i følgje den javanesiske Kongeboka i røynda fann stad rundt 535. Det finst ingen andre bevis for at det var eit utbrot her i 416.

I 2009 la Dallas Abbott frå Columbia University's Lamont-Doherty Earth Observatory i New York fram bevis frå iskjerner på Grønland at fleire kometnedslag skapte disen. Små partiklar i isen som kan ha kome frå jordoverflata ved at dei vart kasta opp i atmosfæren under eit slikt nedslag.[16][17]

Historiske konsekvensar endre

Hendinga i 536 og den påfølgjande hungersnauda kan ha vore forklaringa på at den skandinaviske eliten ofra store mengder gull mot slutten av folkevandringstida, kanskje for å blidgjere sinte gudar og få sollyset attende.[18][19]

Nedgangstida til Teotihuacán, ein svær by i Mellom-Amerika, skjedde samstundes med tørke knytt til klimaendingar, med spor av indre uro og hungersnauder.

Boka til David Keys spekulerer i om klimaendringa kan ha medverka til fleire utviklinga, som den justianske pesten, nedgangstida til avarane, folkevandringa til mongolske folk vestover, slutten på Persarriket, framgangen til islam og fallet til Teotihuacán. Andre forskarar, som den britiske arkeologen Ken Dark, har kommentert aom boka til Keys at mange av bevisa hans er særs omdisutable, basert på dårlege kjelder eller rett og slett feilaktige.[20]

Sjå òg endre

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. AGU 2008: «Magnetite and Silicate Spherules from the GISP2 Core at the 536 A.D. Horizon»
  2. 2,0 2,1 2,2 Larsen, L. B., et al. (2008), «New ice core evidence for a volcanic cause of the A.D. 536 dust veil Arkivert 2011-06-06 ved Wayback Machine.», Geophys. Res. Lett., 35, L04708, doi:10.1029/2007GL032450.
  3. 3,0 3,1 Than, Ker (3. januar 2009) «Slam dunks from space led to hazy shade of winter» The New Scientist 201(issue 2689): s.9
  4. Climate, av George Ochoa, Jennifer Hoffman og Tina Tin (2005 av Rodale Books Intl.)
  5. Procopius, History of the Wars, Books III and IV: The Vandalic War, omsett av H. B. Dewing, [1].
  6. Gaelic Irish Annals
  7. Dokument frå Irland
  8. 8,0 8,1 8,2 Climate, av George Ochoa, Jennifer Hoffman og Tina Tin (2005 av Rodale Books Intl.), s. 71
  9. See Rosen, William, Justinian's Flea.
  10. Keys, David, Catastrophe: A Quest for the Origins of the Modern World, Ballantine Books, New York, 1999.
  11. MacIntyre, Ferren (2002) «Simultaneous Settlement of Indo-Pacific Extrema?» Rapa Nui Journal 16#2: 96-104
  12. Baillie, Mike, Exodus to Arthur: Catastrophic Encounters With Comets, 1999, ISBN 0-7134-8352-0
  13. Rigby, Emma, Melissa Symonds and Derek Ward-Thompson, ‘A comet impact in AD536?’, Astronomy and Geophysics, 45 (Februar 2004) [2][daud lenkje]
  14. 14,0 14,1 Wohletz, Ken, Were the Dark Ages Triggered by Volcano-Related Climate Changes in the 6th Century? Arkivert 2013-04-17 ved Wayback Machine.
  15. R. B. Stothers«Mystery cloud of AD 536» i Nature 307, 344–345 (26. januar 1984); doi:10.1038/307344a0
  16. New Scientist 7 january 2009 «Comet smashes triggered ancient famine»
  17. AGU 2008: «Magnetite and Silicate Spherules from the GISP2 Core at the 536 A.D. Horizon»
  18. Morten Axboe: «Året 536» Skalk (2001:4) 28–32
  19. Axboe, M., 1999, «The year 536 and the Scandinavian gold hoards». Medieval archaeology. vol. 43, s. 186-188. pdf på [3]
  20. Ken Dark, melding av David Keys si Catastroph, British Archaeology Issue no 49, november 1999[4] Arkivert 2006-02-25 ved Wayback Machine.