Eit klinometer er ein hellingsmålar, det vil seie eit instrument for måling av vinklar i vertikalplanet. Eit klinometer kan brukast til å måle blant anna:

  • Skipskrenging.
  • Hellingsvinklar på bergartslag.
  • Høgder på tre og bygningar.
Kompass med inklinometer.

Enkel metode endre

For å rekne ut høgda på ein lekam, til dømes eit tre eller ei flaggstong ved hjelp av klinometer og måleband nyttar ein denne formelen:

H = ((l*tan v)+a) der

  • v = vinkel lesen av på klinometeret.
  • l = lengda fram til lekamen
  • a = avstand frå auget loddrett ned på bakken.
  • H = høgda til lekamen.

Kjelder endre