Knøttspissmus

pattedyrart
Knøttspissmus
Knøttspissmus
Knøttspissmus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av knøttspissmus
Utbreiinga av knøttspissmus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Eulipotyphla
Familie: Spissmus Soricidae
Underfamilie: Soricinae
Stamme: Soricini
Slekt: Sorex
Art: Knøttspissmus S. minutissimus
Vitskapleg namn
Sorex minutissimus

Knøttspissmus (Sorex minutissimus) er eit pattedyr i spissmusfamilien, og det minste pattedyret i Noreg. Ho veg opp til fire gram og har ein fire centimeter lang kropp med ein to-tre centimeter lang hale. Ho lever i nordlege delar av Eurasia frå Noreg i vest[2] til den russiske stillehavskysten og Japan i aust[3] Det er uvisst kor stor og utbreidd bestanden i Noreg eigentleg er, då knøttspissmusa er vanskeleg å fanga og lett å oversjå. Ho føretrekkjer våt granskog med mykje mose, men kan òg finnast i myr og i tørr furuskog. Ho er insektetar og kan eta to til fem gonger kroppsvekta si på eit døgn. Ungane blir fødd i mai-august med opp til sju ungar i kvart kull.[3]

Kjelder endre

Referansar
  1. Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av knøttspissmus Sorex minutissimus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 
  3. 3,0 3,1 IUCN Red List of Threatened Species på engelsk

Bakgrunnsstoff endre