Knarr er eit nordisk namn på ein båttype som blei bruka i vikingtida. Ordet har opphav i norrønt[1], der det heitte knorr, men i forma knarr, som blei brukt i stadnamn som Knarrevik og Knarrlagsund, fordi samansettingsforma var knarr-, jamfør at genitivsforma var knarrar. Knarrane var lasteskip; skroget var breiare, djupare og kortare enn eit langskip, og kunne ta desto meir last og bli manøvrert med mindre mannskap. Som andre nordiske skip i vikingtida var knarren klinkbygd.

Modell av ein knarr i museet i Hedeby ved Slesvig.
Skuldelev 1, knarren som blei funne i Roskildefjorden på 1960-talet og som nå er i Vikingeskibshallen i Roskilde.

Vikingskipet gav i 1940-åra namn til ein robust seglbåt, kjølbåten Knarr, konstruert av Erling Kristofersen og H. Aall.

Vikingskip endre

Ein knarr var breiare og djupare enn eit langskip, som var bygd for krigføring, medan knarren var eit handelsskip bygd for å romme last. Langskipet kunne både bli rodd og segla, mens knarren nesten utelukkande var bygd for segling, sjølv om også ein knarr var utstyrt med årer. Knarren var den vanlegaste og den viktigaste typen vikingskip.

Referansar endre

  1. ,E. Heide, Old Norse knorr ‘a type of ship - A new explanation of the term: ‘A ship with a backwards curved stem’, ISBSA 10, Roskilde, Danmark, 21.-26. september 2003.