Kne er ein kroppsdel midt på foten rundtom eit hengselledd som bind saman låret og underbeinet. I menneske held kneet størsteparten av kroppsvekta, og er dermed det leddet som er mest utsett for både akuttskader og utvikling av artrose, ei form for revmatisme.

MRI-bilete av eit kne.

Kneregionen (medisinsk latin regio genus) omfattar kneleddet (Articulatio genus), kneskåla (patella) og knehasen (fossa poplitea). Lårbeinet står på skinnbeinet med ein vinkel på rundt 175°. Ein mindre vinkel enn dette vil gjera ein kubeint (genu valgum) medan ein større vil gjera ein hjulbeint (genu varum).

Kneet blir brukt i dei fleste former menneske har for å flytta på seg, som gåing, springing, klatring og mange former for symjing. Ein bøyer kneet for å sitja og å neia. Å knela eller knea vil seia at ein set eitt eller begge knea i bakken og kviler kroppstyngda der.