Knirkestemme eller laryngalisering er ei form for fonasjon (måte å bruke stemmebanda på) der pyramidebruskane i strupehovudet blir drege tettare saman enn normalt og stemmeleppene blir stramma ekstra opp. Det gjer at gjennomstrøyminga av luft blir lågare og vibrasjonsfrekvensen går ned til omkring 20–50 Hertz (pulsar per sekund). Samtidig blir trykket under strupehovudet høgare, slik at energien i kvar stemmeleppeopning er høgare enn normalt. Resultatet blir ein «knirkande», sagliknande lyd.

Knirkestemme kan brukast ekstralingvistisk, for eksempel for å signalisere at ein er trøytt og sliten, eller det kan ha ein tydingsskiljande funksjon.

Sjå også endre

Kjelder endre