Knuskkjuke

ein soppart
Knuskkjuke
Knuskkjuke
Knuskkjuke
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Rekkje: Stilksporesoppar Basidiomycota
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Orden: Poresoppordenen Polyporales
Familie: Polyporaceae
Slekt: Fomes
Art: Knuskkjuke F. fomentarius
Vitskapleg namn
Fomes fomentarius

Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som veks på daudt treverk.[1] Ho veks gjerne på trestammar av lauvtre. Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho.

Ein har funne restar etter knuskkjuke ved steinalderbustader ved Rhinen i Tyskland frå så lenge sidan kring 30 000 år.[2] Ismannen Ötzi, som vart funnen i Alpane i Italia i 1991, hadde og med seg knusk. Han levde om lag 3300 f.Kr.

Namn og taksonomi endre

Både soppen og materialet ein lagar av han kan omtalast som «knusk», «knøsk», «tønder» eller meir lokale namn som «kjuke», «knøskkjuke», «knuskegås» og «knusksøpp».[3]

Den fyrste vitskaplege skildringa av soppen blei gjort i 1753 i Species Plantarum av Carl von Linné, som kalla kjuka Boletus fomentarius.[4] Artsnamnet fomentarius kejm frå latinsk fomentum, som kan visa til knusk.[5] Arten er blitt rekna til mange ulike slekter. I 1783 kalla Jean-Baptiste Lamarck han Agaricus fomentarius i verket sitt Encyclopédie Méthodique: Botanique.[6] I 1818 skildra Georg Friedrich Wilhelm Meyer han som Polyporus fomentarius i Primitiae Florae Essequeboensis,[7] og namnet blei også brukt av Elias Magnus Fries i fyrste band av Systema Mycologicum frå 1821.[8] Seinare flytta Fries arten til slekta Fomes i Summa vegetabilium Scandinaviae frå 1849.

Skildring endre

 
Knuskkjuke på bjørkelegg.

Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til kvitrote i stamma til vertstreet.[2] Fruktlekamen syner seg ikkje før treet er nesten daudt.

Fargen til fruktlekamen varierer i ulike soner på overflata. Han er oftast mørk grå, men òg lysegrå eller heilt mørk, nesten svart. Det er eit lyst belte nedst, der den nedre delen av den nedste sona er frå gul til raudbrun.[1][9] Ein fruktlekam er stort sett 10–25 cm brei, men ein har funne døme med ein breidd på 87 cm.[1][9]

Porelaget har lys farge, som nesten er kvit på ferskt porelag hjå levande individ.[1][9] Hjå daude kjuker kan porelaget få ein beige til brun farge. Knuskkjuke er fleirårig, så ein ser soner oppover eldre kjuker, som er veksten frå tidlegare år. Ein kan nesten samanlikna dei med årringar. Kvart slik porelag er stort sett meir enn 6 mm.[9]

Fruktlekamane kan bli opptil tretti år gamle. Dei har den sterkaste vekstperioden sin mellom forsommaren og hausten.[10] Ny vekst opptrer alltid nedst på soppen, slik at det lågaste laget er det yngste. Dette skjer også om vertstreet er felt og ligg på bakken.[11] Prosessen er kjend som positiv gravitropisme.[12]

Det er 2–4 porer per mm[1] i porelaget, og sporane som kjem ut av porene er kvite til lys, lys grå.[1] Sporane som kjem ut har då ein storleik på 15–20 × 4,5–7 µm,[1] og dei har ei sylindrisk til smalt ellipsoid form.[1] Soppen dannar svært store mengder sporar, særleg om våren, med opptil 887 millionar basidiosporar på ein time danna av nokre fruktlekamar. Det blir også danna sporar om hausten, men ikkje i liknande mengder.[13] Sporane blir sleppte ut ved høvesvis låge temperaturar.[14] I tørt vêr er dei synlege som kvitt pulver.[15]

Habitat og utbreiing endre

Knuskkjuke har sirkumboreal utbreiing. Ho finst både nord og sør i Afrika, i heile Europa[13] og Asia og inn i austlege Nord-Amerika,[10] og er vanleg å sjå.[16] Arten veks vanlegvis åleine, men av og til kan ein finna fleire fruktlekamar på same vertstre.[17] Han finst typisk på lauvtre, i nordlege område helst på stokkar av bjørk (Betula sp.), i sørleg områdegjerne på bøk (Fagus sylvatica).[1].[10] I middelhavsland er eik eit typisk vertstre.[13] Ein har også funne arten på lønn,[13] kirsebær, hickory,[18] lind, poppel, selje, or, agnbøk[10] og svært sjeldan på bartre.[10][13]

 
Knuskkjuke på eit falle tre.

Mycelium frå kjuka trenger inn i trevirke gjennom skadd bork eller knekte greiner, og fører til rote i vertstreet.[19] Soppen kan veksa på borkskaden, eller tilmed direkte på borken til eldre eller døde tre.[15] Det rotna trevirket har svarte linjer i dei lysfarga rotna områda; desse er kjende som pseudosklerotiske lag eller demarkasjonslinjer.[19] Linjene er forårsaka av enzym kalla fenolokdidaser, som omformar anten soppen eller plantematerialet til melanin. Desse linjene er ikkje ein absolutt identifikasjonsmåte, ettersom dei også kan opptre i plantar infisert av Kretzschmaria deusta og nokre Armillaria-artar.[19] Sjølv om arten byrjar som ein parasitt, kan han leva ei tid på falne eller felte tre som saprotrofar,[20] typisk i fleire år, heilt til trestammen er gjort til inkje.[21] Han kan også kolonisera og bryta ned pollenkorn, ei næringskjelde som inneheld særs mykje nitrogen.[19] Infiserte tre blir svært skjøre,[22] og det kan oppstå sprekker i dei i vind. Knuskkjuke er særs godt tilpassa å finna nye sprekker på tre ho allereie veks på.[21] Soppen kan også vera ein endofytt som lever i friske tre som ikkje viser teikn på rote, slik at tre som ser friske ut framleis kan vera infiserte med knuskkjuke.[18]

Laboratorieforsøk med soppen har funne at hyfane hans veks raskast ved temperaturar mellom 23 og 28 °C.[23][24] Ved 12 °C var veksten svært liten,[23] og ved 38 °C fann ein ingen vekst.[24]

Bruk endre

Knusk endre

 
Knusk, eldstål og flint

Knusk har den eigenskapen at han svært lett fengjer eld. Folk har brukt han i svært lang tid til dette formålet. Dei eldste arkeologiske funna av knuskkjuke ein kjenner til i Europa er om lag 12 000 år gamle. Eit anna vanleg namn på denne tendsoppen er «tønder» (med ulik uttale etter dialekt).

Knuskkjuka er fleirårig. Det er den unge kjuka som enno er mjuk som vert brukt til knusk. Bruken av knusk kjenner ein til over alt der knuskkjuka veks, det vil seie den nordlege tempererte sona.

Tillaging

Kjukene vert oppdelte. Det lause porelaget vert fjerna. Den mjuke innmaten vert utskoren med kniv. Innmaten vert laga til knusk. Det er noko ulik tradisjon om korleis dette vart gjort. Felles er at han vart oppbløytt i vatn, banka og tørka. Han har òg vorte oppbløytt i lut før han har vorte banka og tørka. Denne prosessen vart stundom oppatteken mange gongar. Soppen kunne òg verte lagd i urin før han vart banka. Når knusken er godt tørr, kan han brukast til å kveikje eld. Eit eldstål vert då slegen mot flint. Gneisten ein då får vert oppfanga på knusken der det vert ei glo, som kan nørast til eld. Fleire stader har ein skava opp soppen og laga eit tørt pulver som ein samlar i eit toderhus, der gneisten frå eldstålet vart fanga.

Det har vorte funne store uthola knuskkjuker som har vorte brukt til å frakte eld i.

Medisinsk bruk endre

Knusk har og vorte brukt medisinsk. Alt Hippokrates viser korleis knuskkjuke kan brukast til kauterisasjon av sår. Då vert glødande knuskkjuke lagd rett på såret. Slik handsaming av sår har vore brukt av samar heilt opp til seinare år. Praksisen er òg kjend i Kina og i Sibir.

Han dreg lett til seg veske, og har vorte brukt til å legge på sår for å stoppe bløding. Dette gjer at han har vore i bruk hjå lækjarar, tannlækjarar og barberarar.

Knusk har vore brukt til å drage ut verk or brannsår, og til å behandle menstruasjonsplager, hemoroidar og blærelidingar.

I Himalaya har knusk vorte brukt som urindrivande middel. Og i Nord-Kina har han vorte brukt til ulike kreftformer. Seinare forsøk har vist at feittekstrakt frå knusk inneheld steroid som hemmar veksten av visse kreftceller hjå mus.

Tekstilar endre

 
Rumensk huve laga av knuskkjuke

Knusk kan og brukast til å laga hovudplagg, dukar og andre tekstilar av. Dette vert særleg gjort i Romania og i andre land på Balkan. Teknikken har lange tradisjonar og går ofte i arv innan familiane.

Ein måte å gjere det på er å la kjuka ligge til den vert angripen av sopp. Ho vert bløytt i varmt vatn og lagd i tett plast. Då kan det ytste harde laget takast av. Ein kan no dage ut porelaget ein vil nytta i ein stor klump. Dette soppkjøtet vert så tekt til dømes over ei hatteform av bøk. Når hatten er tørr, vert den pynta ved at utforma småbitar av kjukestoffet vert limt på. Desse tekstilane er ikkje haldbare mot vatn.

Anna endre

Knusken si evne til drage til seg væte, vert utnytta av sportsfiskarar som kan nytte han til å tørke fluger som har vorte for vasstunge.

På hobbybasis kan det, liksom av andre kjuker, lagast papir av knuskkjuke. Kjuka vert då finknust og blanda i vatn. Denne massen vert teken opp i ei form der vatnet får renne av. Så vert papiret tørka. Av knuskkjuke får ein brunaktig papir.

Brukt til farging av tråd gir knuskkjuke gul og gråbrun farge. Fargen kan variera alt etter om tråden vert beisa, og kva han vert beisa med.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Ryman og Holmåsen (1992) s. 178.
  2. 2,0 2,1 «knuskkjuke». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  3. «KNUSKKJUKE - Fomes fomentarius», www.rolv.no, henta 3. februar 2024 
  4. Linnaeus C. (1753). Species Plantarum (på latin) 2. Stockholm: Impensis Laurentii Salvii. s. 1176. Henta 16. september 2010. 
  5. Rea, Carleton (1922). British Basidiomycetaceae: a Handbook to the Larger British Fungi. Cambridge University Press. s. 592. 
  6. «Agaricus fomentarius (L.) Lam. 1783». MycoBank. Henta 2 January 2010. 
  7. «Polyporus fomentarius (L.) G. Mey. 1818». MycoBank. Henta 2 January 2010. 
  8. «Fomes fomentarius (L.) Fr. 1849». MycoBank. Henta 2 January 2010. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Læssøe og Petersen (2019) s. 870.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Schmidt 2006, s. 195
  11. Schmidt 2006, p. 25
  12. Schmidt 2006, p. 75
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Schwarze 2000, p. 59
  14. Schwarze 2000, p. 40
  15. 15,0 15,1 Butin, Heinz; Lonsdale, D. (1995). Tree Diseases and Disorders. Oxford University Press. s. 167–8. ISBN 978-0-19-854932-1. 
  16. Kibby, Geoffrey (2003). Mushrooms and Toadstools of Britain and Northern Europe. Hamlyn. s. 213. ISBN 978-0-7537-1865-0. 
  17. Phillips, Roger (1981). Mushrooms and Other Fungi of Great Britain and Europe. London: Pan Books. s. 262. ISBN 0-330-26441-9. 
  18. 18,0 18,1 Stamets 2005, s. 31
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Schwarze 2000, s. 61
  20. Schmidt 2006, p. 200
  21. 21,0 21,1 Schwarze 2000, p. 62
  22. Schwarze 2000, p. 26
  23. 23,0 23,1 McCormick, Meghan A.; Grand, Larry F.; Post, Justin B.; Cubeta, Marc A. (2013). «Phylogenetic and phenotypic characterization of Fomes fasciatus and Fomes fomentarius in the United States». Mycologia 105 (6): 1524–1534. ISSN 0027-5514. 
  24. 24,0 24,1 K. ST.G. Cartwright, W. P. K. Findlay (1958), Decay of timber and its prevention, Internet Archive, henta 3. januar 2024 
Bibliografi
  • Lange, Morten; Lange, Bodil; Bregnhøi, Palle; Sunesen, Jakob; Weitemeyer, Susanne (1991). Haakerud, Frank, red. Sopp-flora (på norsk) (1. utg.). NKS-Forlaget. ISBN 82-508-0658-1. 
  • Nilsson, Sven; Persson, Olle; Mossberg, Bo (1978). Cappelens soppbok (på norsk). Sett om av Gulden, Gro. J. W. Cappens forlag a/s. ISBN 82-02-09138-1. 
  • Læssøe, Thomas; Petersen, Jens H. (2019). Fungi of Temperate Europe volume 2 (på engelsk) 2. Princeton University Press - Princeton and Oxford. ISBN 978-0-691-18037-3. 

Bakgrunnsstoff endre

Literatur

  • Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon (Universitetsforlaget 1975)
  • Leif Ryvarden: Ismannen Ötsi og hans kjuker. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
  • Ellen Bøe Nedrehagen: Knuskkjuke Fomes fomentarius brukt til tøy. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
  • Anne Molia: Kjuker du kan lage papir av. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
  • Trine Parmer: Om å lage soppapir - en veiledning. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.
  • Anna-Elisa Torkelsen: Fiolett, gult, grønt, brun og svart - fargene får vi fra kjuker. I sopp og nyttevekser nummer 1 2008.

Nettstader