Knut Kaasen (fødd 9. november 1951) er ein norsk jurist som er professor i jus ved Universitetet i Oslo.

Kaasen er fødd i Harstad. Han vart cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1977. Frå 1979 til 1981 arbeidde han som dommarfullmektig i Arendal. Han arbeidde ved Universitetet i Oslo frå 1981 til 1984 og vart dr.juris i 1984 på ei avhandling om dei standardiserte petroleumskontraktene. Han var deretter advokat i Norsk Hydro i fire år fram til 1988. I 1989 vende han tilbake til Universitetet, og har sidan då vore professor ved Nordisk institutt for sjørett, avdeling for petroleums- og energirett.

Mellom 2001 og 2003 var han dekan ved det juridiske fakultetet.

Knut Kaasen har vore konstituert dommar i Høgsterett i to periodar mellom 2005 og 2008.

Han er no styreleiar i Lovdata.[1]

Kjelder endre

  1. «Lovdata». Henta 21 september 2010. 

Bakgrunnsstoff endre