Knut Nærum

norsk komikar og forfattar

Knut Nærum (fødd 3. mars 1961) er ein norsk komikar, forfattar, teikneserieteiknar og fjernsynspersonlegdom, oppvaksen i Halden. Han er mest kjend frå fjernsynsprogramma Nytt på nytt og Egentlig, den politisk satiriske teikneserien Bloid (som ei stund gjekk i Dagbladet kvar laurdag) og for bøkene han har skrive:

Knut Nærum

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mars 1961 (63 år)
Arendal
Yrke skribent, politikar, illustratør, teikneserieskapar, barnebokforfattar, manusforfattar
Politisk parti Raudt
Knut Nærum på Commons

Verkliste endre

  • Å (2000) – parodiar på ymse norske forfattarar.
  • Norsk litteraturhistorie, fritt etter hukommelsen (2001) – morobok om det ein hugsar av norskundervisinga på ungdoms- og vidaregåande skule.
  • Døde menn går på ski (2002) – André Bjerke- krimparodi.
  • Monkypop-saken (2003) – ei barnebok, illustrert av Bjørn Ousland.
  • Krig! (2003) – samfunnskritisk roman, som òg parodierer Johan Sebastian Welhaven sitt dikt «Republikanerne».
  • En himmel full av stjerner (2004) - Eit satirsik blikk på kjendishysteri
  • Nydelige greier (2004) Samling av Nærum sine teikneseriar frå byrjinga til i dag.
  • Barnepolitiet (2004) - ei biletbok illustrert av Bjørn Ousland.
  • Kalle Komet (2005) - ei barnebok illustrert av Bjørn Ousland
  • Madonna-gåten (2005) - parodi på Da Vinci-koden

Bakgrunnsstoff endre