Knut den mektige eller Knut den store (ca. 99512. november 1035) var konge av Danmark frå 1018, konge av England frå 1016 og i ei stutt tid i 1028 var han konge av Noreg. Knut vart døypt Lambert,[1] men truleg nytta han sjølv aldri det namnet. Han er kjend på dansk som Knud den Store og på engelsk som Cnut I eller Canute the Great.

Knut den mektige

Konge av England, Danmark og Noreg
Regjeringstidengelsk konge frå 1016

dansk konge frå 1018

norsk konge frå 1028
NorrøntKnútr hinn ríki
Fødd994
FødestadDanmark
Død12. november 1035
DødsstadShaftesbury
GravstadWinchesterkatedralen
FøregangarEngland: Edmund II

Danmark: Harald II

Noreg: Olav den heilage
EtterfølgjarEngland: Harald Harefot

Danmark: Hardeknut

Noreg: Håkon Eiriksson jarl
Gift medÆlfgifu Ælfhelmsdatter av Northampton, Emma av Normandie
DynastiJellingdynastiet
FarSvein Tjugeskjegg
MorGunhilda
BornMed Alfiva:

Med Emma:

Familie endre

Far til Knut var kong Svein Tjugeskjegg. Dei eldste kjeldene er motseiande og til dels umogelege når det gjeld opplysningane om når Knut og syskena hans var fødde, og kven som var mor deira. Det som synest å vere det mest truverdig, er at ho som vert kalla Gunnhild av Polen (Świętosława)[a] var mor til desse borna:

Gunnhild. Ho var truleg gift med Pallig (kanskje Pallig Tokesson) og ho miste livet i massakren 13. november 1002 i England.
Harald (fødd ca. 989). Han var konge over Danmark frå 1014 til han døydde i 1018.[2]
Knut (fødd ca. 996). Han var konge over England i tida 1014–1035 og rekna som konge over Danmark i tida 1018–1035.
Knut hadde òg systera Gyda, og det er usikkert om Gunnhild av Polen var mor hennar. Ho vart gift med ladejarlen Eirik Håkonsson og var mor til Håkon Eiriksson jarl, som begge spela ei viktig rolle i erobringa av England, og seinare i livet til kong Knut.

Adam av Bremen skriv at kong Svein Tjugeskjegg gifte seg med enka etter Eirik Sigersæl.[b] Dette må ha skjedd litt før år 1000, og han hadde då sendt den første kona si attende til Polen.[c] Enka etter Eirik Sigersæl, og mor til kong Olof Skötkonung, var mest truleg Sigrid, ho som Snorre kallar Storråde, dotter til Skoglar-Toste. Ho vart mor til Knut si halvsyster Estrid Margarete (Estrid Sveinsdotter må ha vore fødd seinast litt etter år 1000, då sonen hennar, Svein Estridsson vart fødd ca. 1019).

Knut vart, kanskje alt i 1014, gift med Ælfgifu av Northampton[d] og med henne hadde han sønene:

Svein – fødd ca. 1016, norsk konge 1030–1035
Harald Harefot – fødd ca. 1016, engelsk konge 1035–1040.

I 1017 var han gift med Emma av Normandie, og med henne hadde han borna:

Hardeknut – fødd ca. 1018, dansk konge 1028–1042 og engelsk konge 1040–1042.[3]
Gunhild (keiserinne Kunigunde) – fødd 1020, gift med den tyske kongen, seinare keisar, Henrik III.[4][e]

Liv og lagnad endre

I Flatøyboka[5] er det sagt at Knut vart fostra av Torkjell Høge,[f] og det kan òg ha vore slik då det er særs truleg at Knut, berre 3-4 år gammal, vart verande att i Danmark då mor hans vart send til Polen. Der er det òg sagt om Knut at han var sterk og stor av vekst og ein særs fager mann, med unntak av at han hadde ei tynn, høg og litt krum nase. Han var lysleitt, med fagert og langt hår og hadde klare og skarpe augo. Denne siste eigenskapen er òg nemnt i Knutsdråpa[6] (7. verset) av Sigvat Skald, der han er omtala som «kvassøygd» (fráneygr). Han var ein stor krigar, våpendjerv og sigersæl. Men særs vis skal han ikkje ha vore, til liks med faren Svein, som han i alt slekta på.

Konge utan land endre

Dei første pålitande opplysningane om livet til Knut finn ein i den angelsaksiske krønika for året 1013, der det er fortalt at han var med faren Svein Tjugeskjegg då dei «før august månad» kom med flåten til Sandwich og starta invasjonen av England. Etter at faren døydde i Gainsborough 3. februar 1014, vart han av den danske styrken teken til konge.

Den engelske kongen EthelredMal:Ethelred (den rådville) var engelsk konge i tida 978–1013 og 1014–1016. hadde rømt til Normandie i 1013, då Svein Tjugeskjegg erobra landet. I påska 1014,[7] etter at kong Svein var død, kom kong Ethelred attende til England og store hærstyrkar samla seg til han.

Truleg gav Torkjell Høge med sine vikingkrigarar støtte til kong Ethelred på denne tida. Det var òg ved dette høve at vikinghovdingen Olav Haraldsson (Olav den heilage)[8] var med i den engelske styrken, slik skalden Ottar Svarte nemner i diktet «Hovudlausn»:[9] «Du kom til landet, konge, og skaffa, mektig som du var, Ethelred hans rike igjen» (Komt í land, láðvǫrðr, ok lendir ríki efldr Aðalráði).[g]

Kong Knut og dei danske styrkane kunne ikkje stå seg mot dei samla hærstyrkane til kong Ethelred og drog seg då attende til Sandwich, og seinare forlet dei landet og segla attende til Danmark. Broren Harald hadde då teke over som dansk konge[2][10] og Knut ville at dei skulle dele kongsmakta i Danmark. Harald sette seg imot[11] forslaget men sa seg likevel viljug til å hjelpe han med nye hærstyrkar.

 
England og Wales på anglosaksisk tid. Frå: Atlas of European History (1910)
 
Knut møter Edmund Jerneside på øya Alney, der dei knytte vennskap med lovnadar og eidar. Teikning frå Cassell's illustrated history of England (1873)

Invasjonen av England endre

Året etter rusta Knut ut ein stor flåte og i byrjinga av september 1015[12] hadde han samla styrkane sin ved Sandwich. Verbroren, Eirik jarl, kom samstundes frå Noreg, truleg med ni skip, og slutta seg til den danske flåten. I Eiriksdråpa[13] vers 13, fortel skalden Tord Kolbeinsson at dei to frendane, den hjelmkledde jarlen og fyrsten (fundr hjalmaðs jarls ok hilmis), fann kvarandre der ved kysten av England. Skalden skildrar at dei deretter segla oppover floden og at dei heldt bølgehestane, det vil seie skipa, så nær land at dei kunne skode innover enska vǫllu – dei engelske sletter. På elva Frome i Dorset segla dei inn i landet, og invasjonen av England var i si emning.

Truleg vart Torkjell Høge ein av Knut sine hovdingar, og den engelske hovdingen Eadric Streona kom seinare med 40 skip og gjekk saman med Knut.

Den angelsaksiske krønika for året 1015 stadfester at kong Knut sin invasjon av England byrja med at han omkring den 8. september[h] (Marimesse) tok laust med flåten frå Sandwich på søraustkysten av England.[i] Kjeldene opplyser litt ulikt om kor mange skip kong Knut hadde, truleg var flåten på i alle fall 200 langskip og hærstyrken på om lag ti tusen mann.

Den angelsaksiske krønika skildrar vidare at dei fekk seg hestar og drog inn i landet, der dei herja i Dorset, i Wiltshire og Somerset, og på slutten av året var Wessex (West-Saxon) erobra, og dei var der til midt-vinter. I 1016 heldt dei fram med krigføringa og gjekk over Themsen og inn i Mercia.

Kong Ethelred vart sjuk på denne tida, om lag 50 år gammal, og hadde teke tilflukt i Londonborga der han døydde 23. april 1016. Det var sonen, Edmund Jernside, som deretter leia engelskmennene i krigen mot dei danske styrkane. Det kom til mange store slag; det siste og avgjerande stod ved Assandun,[14] truleg Ashdon eller Ashingdon i Essex, 18. oktober 1016. Der fekk kong Knut siger, men begge hærstyrkane hadde hatt store tap og vilje til meir krigføring var truleg liten på begge sider. Det heile skal ha enda med at dei to kongane, Edmund og Knut, møttest på øya Alney i Severn og utkjempa ein duell[15] (single combat) mann mot mann. Hendinga er truleg ikkje historisk, men derimot er det truverdig når den angelsaksiske krønika opplyser at dei to knytte vennskap og vart einige om ein fredsavtale. England vart då delt i to, slik at Edmund skulle herske over Wessex og Knut skulle ha Mercia og Northumberland. Kong Knut fekk òg heredømet over London, og styrkane hans kunne såleis innta byen, som dei aldri hadde greid i erobre med militærmakt.

Edmund Jernside døydde 30. november 1016,[16] truleg drepen av svikaren Eadmund Streona, og etter det vart Knut teken til konge over heile England.[17] Den 17. januar 1017 vart det halde kroningseremoni i St. Pauls katedralen i London.

Kong Knut og Olav Haraldsson endre

I norsk sogeskriving[18][19] har ein hevda at Olav Haraldsson hjelpte kong Knut til å vinne England, og at det skulle ha eksistert ein form for avtale eller forståing mellom dei, om at Olav skulle få herredømet over Noreg. Desse teoriane baserer seg på synsing og særs spekulative tolkingar av kjeldene, og må reknast som konstruksjonar for å sannsynleggjere at Olav, helgenkongen, skulle ha hatt legitime grunnar til å verta konge i Noreg. Alle historiske kjelder viser likevel at han var ein eventyrar og vikingkonge som aldri var alliert med kong Knut. Rett nok herja han truleg i England saman med Torkjell Høge i åra mellom 1009 og 1011,[20] men i byrjinga av 1014 gjekk i teneste som leigesoldat hos kong Ethelred i England.

Då Knut starta invasjonen i september 1015, var sjølvsagt Olav kjend med at Eirik jarl hadde reist frå Noreg og han bestemte seg for å nytte høvet og erobre landet. Han må ha reist frå England i august 1015 og greidde å ta Håkon Eiriksson jarl til fange i Saudungsundet, stutt tid etter at Eirik jarl var reist frå landet. Deretter greidde han, ved eit lukketreff, å erobre Noreg på ei tid då landevernet var svekt fordi mange av dei djervaste hovdingane var i England for å ta del i kong Knut sin invasjon.

At Olav Haraldsson skulle ha nokon arveleg kongsrett i Noreg, må truleg reknast som ei av dei mange helgenmytene som oppstod etter at han vart kåra til helgen. Det er langt meir truleg at han hausten 1015 invaderte Noreg etter ein avtale med kong Ethelred, og deretter var meint på å gjere eit åtak på Danmark for svekke kong Knut sine invasjonsplanar. At dette var ei reell problemstilling, kan ein lese ut frå beretninga til Adam av Bremen,[21] der han nemner i kap. 52, at kong Knut «såg med uro på muligheita for krig på to frontar».

Dersom noko slikt var planlagt, førte det ikkje fram, då Olav fekk styringa med Noreg først etter påske 1016, etter slaget ved Nesjar. Kong Ethelred i England var då alt avliden og erobringa av England vart fullført litt seinare det året. Men kong Olav gjekk likevel til krig for å erobre Danmark; sjå avsnittet nedanfor om slaget ved Helgeå.

Konsolidering av riket endre

 
Kong Knut den store (CNVT REX)
Detalj av illuminert manuskript Liber Vitae for New Minster, Winchester, truleg laga i kong Knut si levetid.
(Stowe Ms 944, folio 6).
 
Runestein U344, Orkestad i Uppland.[22] Innskrifta fortel om Ulv som i England fekk tre gonger (dane)geld: først frå Toste, seinare frå Torkjell og sist frå Knut.

Kong Knut delte riket i fire administrative hovudområde, eller jarledøme, slik at han sjølv hadde det gamle kongeriket Wessex, Torkjell jarl fekk Aust-Anglia, Eadric Streona fekk sitt gamle len Mercia og Eirik jarl fekk Northumbria. Sonen til Eirik jarl, Håkon Eiriksson, kom til England hausten 1015, etter at han vart teken til fange av Olav Haraldsson og deretter forvist frå Noreg. Han fekk seinare ei høg stilling i hirda til kong Knut og er nemnt som jarl i Worcestershire i Mercia[23] (Vest-Midlands).

Alt det første året let kong Knut rydde av vegen, eller vise ut av landet, mange stormenn som han ikkje hadde tiltru til.[24][25] I dei eldste engelske kjeldene er det særskilt nemnt at han tok livet av svikaren Eadric Streona. Hendinga vert nokså ulikt skildra i dei ymse kjeldene, men truleg var det Eirik jarl som utførte avrettinga.

Edmund Jernside let etter seg to søner, Edward og Edmund. Kong Knut såg truleg på dei som mogelege tronkrevjarar, og i krønika til Florence av Worcester[26] vert det sagt at kong Knut sende gutane til kong Olof Skötkonung[j] i Sverige, «for at dei skulle drepast der».[k]

I juli det same året gifte han seg med Emma,[27] dotter åt Rikard I hertug av Normandie (den uredde)[28] Ekteskapet var utan tvil gjort av politiske grunnar, ikkje minst for å sikre ein allianse med hertugdømet i Normandie. Ho var enka etter kong Ethelred og med han hadde ho frå før sønene Alfred og Edvard, og dottera Godgifu. Desse borna vart sende til slektningane i Normandie, og det vart gjort ein avtale melom Emma og Knut, slik at berre ein son som ho måtte få med kong Knut, skulle ha rett til å verta ny konge i England.[29]

I 1018 fekk kong Knut utbetalt ein tributt på 72000 pund «frå heile England», i tillegg til 10500 pund[30] som London-buarane betalte. På denne tida hadde han fullt ut vorte akseptert som herskar over England, og i den angelsaksiske krønika er det sagt at det vart halde eit møte i Oxford der «danane og engelskmennene» vart sameinte under «Edgar's law». Kong Knut kunne dermed betale ut løn til hærmennene sine og størsteparten av styrkane som hadde vore med i invasjonen, vart sendt heim. 40 skip av styrken vart verande i England.[31]

I 1019 reiste kong Knut til Danmark, og var der heile vinteren.[32] Truleg var formålet med ferda å krevje arv etter broren kong Harald,[2] som døydde om lag på denne tida. Den vinteren tok Knut over styringa med Danmark og han vert rekna som dansk konge frå 1018.

Ei opplysning i den angelsaksiske krønika for året 1023, tyder på at kong Knut var i Danmark òg det året, og at han då gav Torkjell Høge styringa med Danmark og sette han til formyndar for sonen sin, Hardeknut.[3] Opplysninga er rekna som lite truverdig, og dette er òg den siste gongen Torkjell Høge er nemnt i dei eldste kjeldene. Meir truverdig er opplysninga i Heimskringla.[33] om at Knut sette att sonen sin i Danmark og Ulf Torgilsson vart sett til formyndaren hans og skulle ha styringa med Danmark som Knut sin jarl[l] Dette høver med stoda slik ho var omkring år 1025.

Ny krig i Skandinavia endre

I Knutsdråpa[6] av Sigvat Skald (vers 7), er det nemnt at kong Knut fekk høyre at ei hær var på veg mot Danmark, og Snorre skreiv[34] at kong Anund frå Sverige og kong Olav frå Noreg hadde alliert seg med kvarandre og kunngjorde at dei var meint på å legge Danmark under seg. Dette må han hendt i 1025 eller 1026, og kong Knut rusta ut ein stor hærflåte og segla vest over havet. Det er i denne samanhengen at Snorre fortel[35] at kong Knut hadde eit drakeskip på seksti rom og Håkon jarl ein drake på 40 rom.

Dei to sjøhærane møttest i eit stort slag ved Helgeå i Sverige.[36] Der skal den norsk/svenske flåten ha vunne siger, men skalden Ottar Svarte uttrykte det likevel slik i «Knutsdråpa»[37] (vers 11): «Kampraske konge, du slo Sveane, der det heiter Helgeå» (Svíum hnekkðir þú, søkkva siklingr ǫrr, þars Ô in helga). I alle høve vart resultatet likevel slik at flåten til kong Knut trekte seg attende til Sjælland medan kong Olav og kong Anund gav opp hærferda. For den norske kongen vart konsekvensane store; den dansk/engelske flåten vakta sjøvegen gjennom Øresund og han måtte sette skipa på land i Sverige og gjere heimvegen til Noreg over land. Etter dette slaget hadde kong Olav i røynda ikkje lenger kongsmakt i Noreg.

Før slaget ved Helgeå skal Ulf jarl ha gitt støtte til dei to kongane Olav og Anund og han skal ha planlagt å kåre den åtte år gamle Hardeknut til dansk konge, med seg sjølv som regent og visekonge.[38] Då det kom til stykket, tok han likevel del i slaget på kong Knut si side. Men kong Knut var likevel misnøgd med sviket og baud at Ulf jarl skulle drepast.[m]

Skottland og Noreg endre

Kong Knut var truleg ei tid i Danmark etter slaget, men ein gong den vinteren må han ha lagt ut på reise for å gjere ei pilegrimsferd til Roma. Ei slik ferd til pavebyen var ikkje uvanleg og gav truleg stor prestisje for herskarane i medelalderen. I Roma var han til stades då Konrad II[39] den 25. mars 1027 vart krona til tysk-romersk keisar av pave Johannes XIX (d. 1032). Etter ferda reise han truleg via Danmark og attende til England. Han gjorde deretter ei ferd (hærferd?) til Skotland og den angelsaksiske krønika melde for året 1027 at den skotske kongen Malcolm,[40] og to andre kongar, underkasta seg.

Ikkje før året etter, våren og sumaren 1028, fullførte kong Knut (og Håkon Eiriksson jarl) erobringa av Noreg og gjorde dermed endeleg slutt på kong Olav sitt kongedøme. Det vert fortalt om ferda i dei norrøne kongesogene.[41] I Fagrskinna er det sagt at kong Knut sin flåte på denne ferda, var på 1200 skip, men truleg er opplysninga i den angelsaksiske krønika rettare, der det er nemnt 50 store skip. Skalden Torarin Lovtunge skildra ferda i diktet Tøgdråpa.[42]

Ein høyrer ikkje noko om krig eller våpenbruk på denne ferda, men berre at kong Knut let seg hylle som konge over alt der han kom, til sist på eit åtte-tings møte i Trondheimen der han vart vald til konge over heile Noreg. Deretter kalla han saman til eit nytt møte, der han lyste ut at hans eigen son, Hardeknut, skulle vere konge over Danmark og systersonen hans, Håkon Eiriksson jarl skulle ha styringa med Noreg.[n]

Vinteren 1029/1030 døydde Håkon Eiriksson jarl, og i den angelsaksiske krønika er det skrive under året 1030 at «Håkon, den dugande (doughty) jarlen, døydde på havet». Kong Knut sette då sonen sin, Svein Knutsson, til å styre Noreg. Han vart teken til konge sumaren 1030 og vert i norsk historieskriving oftast kalla Svein Alfivason. Om lag på same tida kom Olav Haraldsson med hærmakt for å erobre landet på nytt, men bøndene samla seg mot han og det kom til eit slag på Stiklestad, der han fall. Kjeldene gir lite grunnlag for ei vurdering om korleis ungguten Svein Knutsson vart teken imot som konge i Noreg. I nyare historeskriving vert det oftast vektlagt at han var kong Knut sin son, og styringstida hans vert omtala som ei epoke med dansk styring. Det er likevel eit faktum at han var syskenbarnet til Håkon Eiriksson jarl og arverettsleg var han truleg den næraste til å ta over som norsk herskar. I kongesogene og skaldediktinga finn vi aldri nemnd noko om at kong Svein vart sett på som ein slags dansk underkonge; ein skald omtala han derimot som folkekonge.[o]

Brevet av 1027 endre

På heimturen etter Romaferda skreiv kong Knut eit brev «til heile den engelske nasjonen». Det er overlevert (opphavleg på latin) i krønika til Florence av Worcester.[43] Han byrjar med å presentere seg sjølv som «konge av heile England, og Danmark, Noreg og del av Sverige». Det er ikkje tvil om at han seinare (ikkje på den tida då brevet vart skrive) vart teken til norsk konge for ei stutt tid, men etter at han gav styringa av Noreg til Eirik Håkonsson jarl, må han reknast som «overkonge», på lik linje med hans herredøme over Danmark etter 1028. Når han tok med «del av Sverige» skuldast det truleg at han, etter slaget ved Helgeå, la under seg svenske landområde, kanskje landskapet Blekinge.

I brevet fortel han at han fekk møte både keisar Conrad II og paven (Johannes XIX), og mange andre stormenn. Han stadfeste det religiøse formålet med ferda, men han la òg vekt på at han har fått lovander om trygg ferdsel for folket sitt, til og frå Roma, utan urimelege krav om toll og avgifter. Han kom til sist med pålegg om at lovpålagte kyrkjelege skattar (cyrisceat) skulle vere betalte, innan han kom heim til England. Han skreiv òg at han ville returnere til Danmark («den same vegen han kom») for å gjere avtalar om fred med «dei nasjonane og folka som ville ha teke mitt liv og mi krone». I fall slike avtalar vart gjort, må det ha vore mellom Sverige og Danmark; etter det som hende seinare er det lite truleg kong Olav kan ha gått med på nokon fredsavtale.

Sumaren 1027 kom han attende til England og det året gav han byen Sandwich til klosteret Christchurch i Canterbury.[44] Gåva var kanskje ein konsekvens av lovnader han hadde gitt til pave Johannes.

Ettermæle og arvefølge endre

 
Ei av dei seks kistene[45] i kate-dralen i Winchester, som ein reknar med kan innehalde beina til både kong Knut og dronning Emma.
 
Sølvpenning for kong Knut, av type «Quatrefoil». Framsida, med tekst: CNUT REX ANGLORU - datert til perioden 1017–1023.
 
Sølvpenning av type «Short Cross» datert til ca. 1029–1036. Tekst på framsida: CNVT REC X. Teksten på baksida (AELFPINE ON ECX) tilseier at myntmeister var Aelfwine i Exeter.

Kong Knut døydde av sjukdom i byen Shaftesbury 12. november 1035[p] og vart gravlagt i domkyrkja (Old Minster) i Winchester.[q]

Han er nemnt i skaldekvad av mange norrøne skaldar. Av samtidige dikt kjenner vi Eiriksdråpa[13] av Tord Kolbeinsson, Vestfarviser og Knutsdråpa[6] av Sigvat Skald, Knutsdråpa[37] av Ottar Svarte, Knutsdråpa av Hallvard Håreksblæse, Tøgdråpa[42] av Torarin Lovtunge og ei vise av Hårek av Tjøtta.

Kong Knut den store var den første kongen som herska over eit samla England, og då han døydde var han overhovud i eit Nordsjø-imperium som, utanom England, inkluderte Danmark, deler av Sverige, Noreg, Skottland og Wales.[r] Han synest å ha vore ein nådelaus vikingkrigar men likevel ein kristen fyrste, og engelskmennene såg truleg på han som ein erobrar, men òg ein som hadde skapt fred for eit plaga folk. Han viste seg å vere ein handlekraftig politikar som knytte til seg dugande medarbeidarar og etablerte gode alliansar, både innanlands og utlanlands, ikkje minst bygde han opp eit godt tilhøve til kyrkja. Pilegrimsferda i 1027 til Roma vart i samtida rekna som ei triumfferd og i Knutsdråpa[6] prisar skalden han som «kjær for keisaren, nær til Peter» (kærr keisara, klúss Pétrúsi).

Det første året behandla han England som ein erobra provins – deretter oppførte han seg som ein klok og rettferdig herskar. Han var den først vikinghovdingen som vart teken opp i det siviliserte samhaldet av kristne kongar i Europa.

Truleg hadde kong Knut meint at Hardeknut, sonen han fekk med Emma av Normandie, skulle ha førsteretten til å verta ny konge i England. Men hausten 1035, og dei neste par åra, var Hardeknut involvert i krig mot Magnus den gode i Noreg, som truga med å invadere Danmark. Halvbroren, Harald Harefot vart då teken til konge,[s] straks etter at kong Knut døydde. Harald Harefot døydde i 1040, og om sumaren det året kom Hardeknut frå Danmark og han vart straks teken til ny konge både av engelskmenn og daner. Men han òg fekk ei kort styringstid og etter berre to år døydde han, 8. juni 1042, og han var den siste danskætta kongen som regjerte over England. Før han døydde, hadde han sendt bod etter halvbroren i Normandie, Edvard (Edward the Confessor) og han vart teken til ny konge i 1042.

Kong Edvard var sonen til kong Ethelred og etter om lag 20 år med dansk styre, kom det på nytt ein angelsaksiske konge i England og kong Knut sitt imperium gjekk i oppløysing.

Myntar endre

Kong Knut slo store mengder mynt, mest i England der han gjorde tre hovudtyper myntar, som ein meiner å kunne datere slik: «Quatrefoil» 1017–1023, «Pointed Helmet» 1023–1029 og «Short Cross» 1029–1035, men han gjorde òg myntar i Skadinavia. I Danmark innførte han engelsk «design», den første mynten slått i Lund med teksten CNVD REX IN DANORUM.[46]

Etter slaget ved Helgeå rekna kong Knut seg om konge over «del av Sverige», og det er funne ei mindre gruppe av myntar med teksten: CNVT REX SW (Cnut rex Swevorum).[46] Teksten på baksida, DORMOD ON ZIHT, tyder på at myntane var slått i Sigtuna av den engelske myntmeisteren «Thormod».

Merknader endre

  1. Ho var dotter til den polske hertugen Mieszko, og dermed syster til Boleslaw, den første kongen i Polen.
  2. Eirik Sigersæl døydde truleg i 994.
  3. I Encomium Emmae Reginae, bok II s.19, står det at då kong Svein døydde, reiste sønene hans til Polen (Slavia) og henta heim mor deira.
  4. Ælfgifu vert ofte kalla kong Knut si frille, men truleg var han gift med henne. Det er lite truleg at far hennar, ealdorman Ælfhelm av Northumbria, ville ha akseptert noko anna, og utan tvil hadde ho seinare ein høg status i hoffet til kong Knut (ref. «Cnut» side 131). I Noreg vart ho kalla Alfiva; mor til kong Svein Alfivason.
  5. Gunhild Knutsdotter vart truleg lova bort til Henrik III omkring 1029, men giftarmålet skjedde ikkje før ho var 16 år gamal, i 1036. Berre to år seinare døydde ho av ein pestsjukdom i Italia («Cnut», M.K.Lawson, side 109).
  6. Etter alt å døme hadde Knut òg eit nært tilhøve til Torkjell seinare i livet. Snorre opplyser i soga om Olav Trygvason, at Torkjell Høge var son av Strut-Harald frå Skåne, og brørne hans var Sigvalde jarl og Hemning.
  7. Olav Haraldsson var truleg i Rouen i Normandie hausten 1013, der han møtte kong Ethelred som hadde rømt frå England då Svein Tjuegskjegg vart konge. Då Ethelred vende attende til England ved påsketider 1014, var Olav med han som leigesoldat.
  8. Marimesse: Den angelsaksiske krønika nemner her «Nativity of St Mary» og i dei aller fleste kristne kyrkjesamfunn vert denne dagen feira 8. september (9 månader etter unnfangelsen (Conceptio immaculata) som var 8. desember).
  9. Sandwich ligg ved elva Stour og var den gongen ein av dei viktigaste hamnebyane i England.
  10. Kong Olof og kong Knut var formelt sett halvbrør; kong Olof si mor (Sigrid) var gift med far til kong Knut.
  11. Om dette var sanninga eller ikkje, i alle høve drap ikkje kong Olof dei to gutane, men sende dei til dotter si, Ingegerd, i Kiel, og seinare vart dei sende til Ungarn. Den ein av dei, Edmund, døydde ikkje lenge etter, men den andre, kalla Edvard den landflyktige (Edward the atheling), vaks opp og levde til 1057 (Nemnt i den angelsaksiske krønika for året 1057).
  12. Ulf jarl hadde vore med i hæren til kong Knut under invasjonen av England. Han var sonen til Torgils Sprakalegg og var gift med Estrid Sveinsdotter, syster til kong Knut. Sonen deira var Svein Estridsson som seinare vart konge i Danmark.
  13. Snorre, i Soga om Olav den heilage, kapitla 152 og 153, dikta ei heil forteljing om drapet, som vart utført i Luciuskyrkja i Roskilde av den norske hovdingen Ivar Kvite.
  14. Møtet i 1028: Når dette møtet vert omtala i norsk historieskriving, vert det som oftast lagt fram slik at kong Knut sette Hardeknut til konge over Danmark, medan Håkon Eiriksson berre fekk Noreg i len, attpå til underlagt dansk styre? Skalden Torarin Lovtunge var tilstades under møtet og må seiast å ha gitt eit augevitneutsegn då han gjorde diktet Tøgdråpa(sjå ref.). Ein kan knappast lese diktet annleis enn som to likeverdige utsegn (strofe 6) når kong Knut gir styringa over Danmark til sin eigen son og styringa over Noreg til sin systerson. At Håkon i sogene er nemnt som «jarl» vert, som oftast når det er tale om ladejarlane, sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking.
  15. I Glælongskvida nemner Torarin Lovtunge han som tjodkonge i Trondheimen (þjóðkonungr í Þrándheimi).
  16. Ides: den angelsaksiske krønika for 1035 skriv: den andre dagen før ides av november (ides vert rekna til dagen i midten av månaden)
  17. Kong Svein Tjugeskjegg og alle dei mannlege etterkomarane hans døydde særs unge, etter alt å døme av sjukdom. Svein Tjugeskjegg vart om lag 54 år, Harald om lag 20 år, Harald Harefot om lag 25 år, Hardeknut om lag 25 år og Svein om lag 20 år. Kong Knut var berre om lag 40 år gamal då han døydde. Ein dansk rettsmedisinar har sett fram ein teori om at dei alle døydde av ein arveleg defekt, Brugadas syndrom (sjå kjelder).
  18. Det er likevel ikkje noko som tyder på at han hadde vore meint på å organisere imperiet til éin stat. Under hans overherredøme fungerte kvart av områda som sjølvstendige rike, styrt av sjølvstendige herskarar.
  19. I den angelsaksiske krønika for 1035 er det sagt: «..chose Harold to hold all England for himself and his brother Hartacnut, who was in Denmark».

Kjelder endre

  1. Adam av Bremen, Beretningen om Hamburg stift. Om Lambert: bok 2, kap.52
  2. 2,0 2,1 2,2 Harald 2 Svendssøn Store norske leksikon (Hentet 29. juni 2017)
  3. 3,0 3,1 Hardeknud – av England og Danmark Store norske leksikon
  4. Henry III Holy roman emperor Encyclopædia Britannica
  5. Flatøyboka bok I, side 203
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Knutsdråpa av Sigvat Skald (Skaldic Project)
  7. I krøniken til John Worcester står det for året 1014, .. during Lent the king was brought back
  8. Olav Haraldsson ungdom .. av Oscar A. Johnsen (1916)
  9. Hovudlausn av Ottar Svarte.
  10. Encomium Emmae Reginae: Introduction, side lvi og lvii.
  11. Encomium Emmae Reginae, bok 2, kap. 2)
  12. Den angelsaksiske krønika for året 1013, nemner «Before the Nativity of St. Mary», dvs 8. september.
  13. 13,0 13,1 Eiriksdråpa av Tord Kolbeinsson,
  14. The Site of the Battle of Assandun Saffron Walden Historical Journal
  15. Duellen på Alney: The Chronicle of Henry of Huntingdon, for år 1016 (side 195)
  16. Den angelsaksiske krønika: «he passed away on St. Andrew's Day» (Andreasmesse)
  17. King Cnut (Canute) Britroyals.com
  18. Vikingtid og rikssamling : 800-1130 Helle, Bjorli, Oslo : Aschehoug, 1995 ISBN 8203220282, side 138/139
  19. Norsk historie. 1 : 750-1537 Tano Aschehoug, 1999 ISBN 8251837391, side 67/68
  20. Encomium Emmae Reginae, Appendix III, side 77
  21. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, bok 2, kap.52 (Aschehoug 1993)
  22. Sveriges runinskrifter, Upplands runinskrifter Orkestadstenen U344 side 80-86
  23. Google Books A Companion to the Anglo-Norman World, Christopher Harper-Bill, Elisabeth Van Houts (2002), side 8 og 47
  24. Encomium Emmae Reginae, side 31, (bok II, kap. 15)
  25. Den angelsaksiske krønika, for året 1017
  26. The Chronicle of Florence of Worcester av Thomas Forester, side 133
  27. Emma of Normandy (findagrave.com)
  28. Richard I of Normandy (findagrave.com)
  29. Encomium Emmae Reginae, bok II, kap. 16 (s. 33)
  30. Ein versjon av krønika nemner 11000 pund
  31. Den angelsaksiske krønika, for året 1018
  32. Den angelsaksiske krønika for året 1019.
  33. Soga om Olav den heilage, kap. 134
  34. Soga om Olav den heilage, kapittel 145
  35. Soga om Olav den heilage, kapittel 147
  36. Den angelsaksiske krønika for året 1026 er det nemnt at dei møttes ved «The Holme in the holy river».
  37. 37,0 37,1 Knutsdråpa av Ottar Svarte (Skaldic Project)
  38. Encomium Emmae Reginae, Appendix III, side 83
  39. Conrad II Encyclopædia Britannica
  40. Malcolm II Scottish monarks
  41. Soga om Olav den heilage, kapitla 170 og 171
  42. 42,0 42,1 Tøgdråpa Arkivert 2016-04-13 ved Wayback Machine. av Torarin Lovtunge (Skaldic Project)
  43. Chronicle of Florence of Worcester brevet av 1027 frå kong Knut: side 137
  44. Den angelsaksiske krønika for året 1027
  45. Winchester Cathedral The mortuary chests
  46. 46,0 46,1 King Canute’s Coinage in the Northern Countries B. Malmer , London 1972

Eldre norrøne og engelske kjelder endre

Dei fleste av dei norrøne sogene vart nedskrivne 200 år eller meir i ettertid, og mykje av opplysningane er mest å rekne for prosa-dikting og er ikkje historisk pålitande.

Andre kjelder endre