Knute Nelson

amerikansk politikar

Knute Nelson (2. februar 184228. april 1923) var ein norsk-amerikansk politikar. Frå tronge kår i Noreg drog han med mora til USA som seksåring, og blei med tidene soldat under den amerikanske borgarkrigen, seinare jurist og gardbrukar og etterkvart også guvernør for Minnesota og amerikansk senator.

Knute Nelson

Statsborgarskap USA
Fødd 2. februar 1843
Voss herad
Død

28. april 1923 (80 år)
Timonium

Yrke politikar, advokat
Språk norsk
Politisk parti Det republikanske partiet i USA
Knute Nelson på Commons
Måleri av Knute Nelson frå 1895.

Barneår i Noreg endre

Knut var fødd i Evanger i Hordaland, som son av Ingebjørg Haldorsdotter Kvilekval frå Voss. Ho var ikkje gift, far til guten skal ha vore ein Helge Knutsson Styve. Seinare i året 1843 flytta Ingebjørg med Knut til Bergen og tok seg arbeid som tenestejente.

Utvandring til USA endre

Våren 1849 lånte Ingebjørg pengar til båtbillett til USA. Ho og Knut utvandra og ankom til Castle Garden på den US-amerikanske nasjonaldagen 4. juli 1849. Fyrverkeria etterlet varige inntrykk i seksåringen Knut. Truleg reiste dei to sjøvegen til Albany i staten New York, og så via Buffalo til Chicago, der broren til Ingebjørg, Jon, arbeidde som bygningsmann. Ingebjørg tok arbeid som tenestejente og gjorde opp skulda før eit år var gått. Også Knute var i arbeid, fyrst som tenar og så avisgut. Jobben som avisgut gav han utdanning gjennom lesing av avisa og innsikt i kvardagslivet på gatenivå.

Til Wisconsin endre

Knute Nelson, 12 år, og mor hans i 1855.

Hausten 1850 gifta Ingebjørg seg med ein utvandra vossing, Nils Olsson Grotland. Familien på tre flytta til Skopong, eit norsk nybyggjarsamfunn i Palmyra i Wisconsin. Det var ved denne tida at Knute fekk etternamnet Nelson, etter den «nye» far sin.

Nokre år seinare flytta familien til eit kjent nybyggjarsamfunn, Koshkonong. Faren vart sjuk og Knute måtte gjere det meste av arbeidet på farmen. Han heldt vedlike interessa for kunnskap, trass i motstand frå faren. Ofte måtte han be tynt om pengar til skulebøker.

Frå 1858 til 1860 gjekk han på Albion Academy i Albion i Dane County, Wisconsin. Skulen var grunnlagd av sjuandedags-adventistar, og driven etter prinsippet om at fattigdom ikkje skulle hindre nokon i å få god utdanning. Knute var ein av dei som fekk plass etter nemnde vilkår, men han tok likevel på seg jobbar for å tene sine skulepengar. Etter to års utdanning fekk han arbeid som lærar på ein landsens skule i Pleasant Springs. Fleirtalet var norske immigrantar, der Knute vart ein truverdig agent for amerikanisering.

Borgarkrigsåra endre

Nelson i uniform.

Våren 1861 drog han tilbake til Albion, der han i mai 1861 saman med 18 medstudentar let seg verve til krigsteneste på føderal side i den amerikanske borgarkrigen. Foreldra var imot at han verva seg til frivillig militærteneste, sjølv såg han det som ei patriotisk plikt. Regimentet hans, 4th Wisconsin Volunteers, forflytta seg etter ei tid sørover og kom i strid i staten Louisiana. 27. mai 1863, etter at 4th Wisconsin var omgjort til kavaleri, vart Nelson såra i slaget om Port Hudson. Han vart teken til fange og var ei stund krigsfange.

Krigstenesta styrkte Nelson i patriotismen hans. Han meinte at alt for få norsk-amerikanarar i Koshkonong hadde meldt seg til militær teneste, og han var kritisk til haldningar som det norsk-amerikanske lutherske presteskapet viste i slaverispørsmålet. Nelson gjekk inn i krigen som demokrat, men gjekk etter krigen over på republikansk side.

Politisk aktiv endre

Nelson reiste etter borgarkrigen til Albion og fullførte studiane, som den beste i si klasse. Han bestemte seg for å verte sakførar og flytta til Madison der han lærte lovforståing hos ein akademisk utdanna advokat. Våren 1867 fekk han løyve til å praktisere som sakførar i Wisconsin. Han opna praksis i Madison, og sikta seg inn mot norske immigrantar. Nær samstundes let han seg velje inn delstatsforsamlinga som Dane County sin representant. Her markerte han seg særleg i ein debatt med skarpe skilje mellom dei som gjekk inn for offentlege skular og dei som ivra for soknestyrte skular. Nelson fremja synet for dei som gjekk inn for offentlege, ikkje-sekteriske skular. Etter to periodar i delstatsforsamlinga avstod han frå attval.

I 1868 gifta Nelson seg med Nicholina Jacobsen, innvandrar og opphavleg frå Toten i Noreg. Han flytta med familien vestover til Alexandria i Douglas County i staten Minnesota i august 1871. Etter å ha fått løyve til å praktisere ved retten i Minnesota dreiv han for det meste med saker kring eigedomsspørsmål. På den tid førte saker kring grunnspørsmål ein ofte inn på politikkens felt. Nelson vart ein pådrivar for økonomisk utvikling ved hjelp av jarnbanebygging.

Senator i Minnesota endre

I 1874 vart han vald inn i delstatsenatet i Minnesota med støtte frå 59 % av veljarane i valkrinsen. Hovudsaka for Nelson vart å løyse floken som hadde oppstått då jarnvegs-selskapet St. Paul and Pacific Railroad gjekk lens for midlar til å fullføre utbygginga av jarnvegar i norddelen av Minnesota, samstundes som staten sjølv ikkje var i økonomisk stand til å overta prosjektet. Nelson la då i 1875 fram eit lovforslag som gav visse fordelar i form av fri grunn til jarnvegs-selskapet, men som samstundes tvinga selskapet til å fullføre innan ei viss tid, då retten til utbygginga elles ville gå til konkurrerande selskap. Forslaget vart til sist vedteke, men var då så mykje endra at Nelson sjølv avstod frå å stemme. Han fekk likevel ei avgjerande rolle i gjennomføringa, både i eigenskap av politisk tillitsvald og som forretningsadvokat. Han framforhandla ei mengd avtalar med grunneigarar, slik at jarnbanen kunne opnast fram til Alexandra i november 1878.

Etter folketeljinga i 1880 vart Minnesota tildelt eit femte mandat til Representant-huset i Washington. Valkampen til dette «Fifth Minnesota District» i norddelen av Minnesota tok til i 1882, og vart fort ein av dei mest avskyelege til dess. Striden mellom Nelson og Charles F. Kindred inneheldt både trugsmål, misbruk av embete og valfusk i stor stil. Rivaliseringa mellom dei to kandidatane handla i stor grad om tevlinga mellom to store jarnbane-selskap, Northern Pacific i Kindred sitt kjerneområde og Great Northern i Nelson sine heimtrakter. Nelson vann klart, trass i grovt valfusk i fylka der Northern Pacific hadde interesser.

Representant-huset i Washington 1883-89 endre

Nelson var medlem av Representantane sitt hus frå 3. mars 1883 til 3. mars 1889. I samsvar med praksisen på den tid såg han det som si fyrste oppgåve å sikre at hans støttespelarar vart utnemnde til eit avgrensa tal føderale stillingar. Dessutan måtte han vise politisk styrke, og skifta då ut Kindred-utnemnde med nye folk i fylka rundt Northern Pacific Railroad. Nelson kjempa i spissen for den såkalla «1889 Nelson Act». Denne lova oppretta indianarreservatet «White Earth», og lå såleis større landområde ut til immigrantar, på kostnad av dei innfødde. Han rekna tida i Representant-huset for eit feilsteg, og stilte ikkje til attval i 1888.

Guvernør i Minnesota 1893-95 endre

I juli 1892 vart Nelson einstemmig nominert til republikansk kandidat til guvernørvalet. Etter ein langvarig, slitsam valkamp mot den demokratiske og den populistiske kandidaten vart han vald til Minnesotas 12. guvernør. Med 42,6 % av stemmene erobra han 51 av dei 80 fylka. Nelson brukte stillinga som guvernør til å fremje reformer som skulle ta brodden av populistane sine vidtgåande forslag til åtgjerder andsynes farmarane sine vanskar. Han la fram ei lov som skulle regulere handelen med korn, mellom anna gjennom å gje ein kommisjon mynde til både å kontrollere og regulere handelen med korn. Lova vart vedteken etter omfattande hestehandel, og gav Nelson ry som politisk aktør. Han vart attvald i 1894 med stor margin. Han sat i embetet til 31. januar 1895 då han drog seg attende for å førebu seg på å verte senator.

Amerikansk senator frå 1895 endre

Teikning av Nelson som vald senator, frå 1895.

I det stille tok Nelson i 1894 til å søke støtte for å vinne eit sete i det amerikanske senatet i Washington. På den tid var det den lovgjevande forsamlinga i delstatane som valde senatorar. For å lukkast måtte han utmanøvrere den sitjande republikanske kandidaten, William D. Washburn. Nelson sin strategi gjekk ut på fyrst å hindre Washburn i å få støtte frå eit fleirtal av republikanarane og deretter framstå som ein samlande kandidat for dei same. Han måtte då balansere mellom å appellere til skandinavisk sjølvkjensle på den eine sida og ved å vise seg som ein sann amerikanar på den andre.

Valkampen toppa seg i januar 1895, gjennom det som vart kalla for trevekers-krigen. 23. januar 1895 vart Nelson vald som representant for Republikanarane til det amerikanske senatet. Han var den fyrste skandinavisk-fødde som nådde denne posisjonen. Auka merksemd mot politikken hos skandinavane var ei av fylgjene av valet.

Som senator var han med på danninga av det amerikanske Handels- og arbeidsdepartementet og utforminga, og godkjenninga av Nelsons konkurslov (Nelson Bankruptcy Act) i 1898. Denne lova gav farmarar og andre debitorar høve til å gå inn i frivillige forhandlingar med sine kreditorar, i staden for å verte tvinga til konkurs av desse. Lova vart vedteken 24. juni 1898 etter 18 månaders forhandlingar.

I arbeidet med konkurslova viste Nelson stort sjølvstende, men vedkomande den spansk-amerikanske krigen fylgde han den republikanske partilinja fot i fet. Han gjekk med entusiasme inn for USA si krigføring, og han stod steilt på at USA måtte kunne annektere Filippinane og Hawaii utan å gje innbyggjarane der fulle borgarrettar.

Turen til Skandinavia endre

Knute Nelson på Voss, nummer to frå høgre.

Nelson presenterte seg alltid som amerikanar. Meir i det skjulte pleia han omgang med dei skandinaviske immigrant-miljøa og med Noreg særskilt. I 1899 la han ut på ei reise til Noreg, Sverige og Danmark. Ein av dei fyrste stadene han vitja var fødestaden Evanger. Dit kom han i ei hestekjerre og med enkel bagasje. Han snakka vossamål, slo berre om til riksmål når han ville uttrykke eit vesentleg politisk poeng. Han reiste vidare til hovudstaden Kristiania og deretter til Stockholm. Han var ei veke i København og for så til Rotterdam, begge stadene vitja han politiske vener frå heimlandet. Han avslutta ferda med å besøke London, der han tilfeldigvis blei tilskodar til ein ekstraordinær parlamentsdebatt om den andre boarkrigen halden av dronning Viktoria.

1902 og vidare endre

Nelson vart gjenvald i 1902, etter ein valkamp som tok til allereie i 1900. Han dreiv då fyrst valkamp for kandidatar til delstatsforsamlinga som han kunne rekne støtte frå når denne i 1902 skulle velje senatorar. Samstundes passa han på å støtte seg på nasjonale leiarar, som Theodore Roosevelt.

Statue av Knute Nelson framfor Minnesota State Capitol.

Fram til kring 1900 baserte Nelson den politiske verksemda si på saker som hadde med den økonomiske utviklinga av nybyggjarsamfunn å gjere. Ved inngangen til den såkalla progressive æraen byrja reformspørsmåla i større grad å dreie seg om saker av bymessig art. Nelson måtte endre sin politiske strategi, og la seg i hovudsak på ein moderat-progressiv profil. Han aksepterte regjerings-inngrep i nokre saker, til dømes anti-trust spørsmål. Alt som smaka av sosialisme opponerte han imot. I allmenta kom Nelson til å framstå som ein hardtarbeidande, uthaldande talsmann for dei sakene og folka han trudde på.

Nelson vart gjenvalt til senatet både i 1908, 1914 og 1920. Han var eit svært akta senatsmedlem då han i 1923 døydde på toget frå Washington heim til Alexandria. Han blei gravlagd i heimbyen Alexandria. Ein statue av Knute Nelson står i dag framfor Minnesota State Capitol.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre