Knute Rockne

norsk amerikansk idrettsutøvar

Knute Kenneth Rockne (4. mars 188831. mars 1931) var ein norsk-amerikansk utøvar og trenar innan amerikansk fotball.

Knute Rockne

Statsborgarskap USA
Fødd 4. mars 1888
Voss herad
Død

31. mars 1931 (43 år)
Bazaar

Yrke hovedtrener, amerikansk fotball-spelar, forretningsdrivande, skribent
Knute Rockne på Commons
Minnestein over Knute Rockne på Voss

Han var fødd Knut RokneVoss og emigrerte alt som barn til Chicago i Illinois, USA. Han arbeidde som laboratorieassistent hjå Julius Arthur Nieuwland ved University of Notre Dame, men sa frå seg vidare arbeid innanfor kjemi etter å ha fått tilbod om å verta fotballtrenar. Han hadde sjølv i åra 1910-1913 spela amerikansk fotball på universitetslaget, utan å merkja seg ut i særleg grad før dei to siste åra. Han gifte seg i 1914 med Bonnie Gwendolyn Skiles, og dei fekk fire born saman; Bill, Knute jr., Mary Jean og Jack.

Fotballtrenaren endre

Som hovudtrenar for «The Fighting Irish», laget til University of Notre Dame i South Bend i Indiana frå 1918 til 1930 såg Rockne laget sitt sigra i 88,1 % av alle kampane sine, ein sigersprosent som ikkje noko lag seinare har overgått. I dei 13 åra Rockne var hovudtrenar, hadde laget 105 sigrar, 12 tap og fem uavgjorte kampar. Det vann seks nasjonale meisterskap og var ubesigra i fem sesongar.

Rockne innførte ei oppstilling kjend som «shift», der bakdelen av laget byrja i ei T-oppstilling før dei gjekk til eine eller andre sida rett før ballen blei teken. Han gjorde også framoverpasningar populære.

Reklamearbeid endre

 
Knut Rockne i ein tyggegummireklame

Knute Rockne var også klar over underhaldningssida ved college-idretten, og knytte band til media for å få gratis reklame for laget sitt. Han samarbeidde også med den lokale bilfabrikanten Studebaker frå 1928, mest med sals- og marknadsføringsoppgåver. Tidleg i 1931 marknadsførte Studebaker ein bil med namnet til Rockne, «Studebaker Rockne Sedan Six 65». Modellen var i produksjon fram til 1934, og det vart laga i alt 30 239 bilar. Av desse kom om lag 100 til Noreg.

Flystyrten endre

Rockne døydde i ein flystyrt nær Cottonwood Falls i Kansas på veg for å delta i produksjonen av filmen The Spirit of Notre Dame. Han er gravlagd på Highland Cemetery i South Bend. Studentane sin idrettsbygning på universitetet har fått Rockne sitt namn, likeeins ei gate i South Bend, og eit par andre stader i Kansas og Indiana.

Kong Haakon VII av Noreg slo Rockne posthumt til riddar og sendte ein personleg utsending (Olaf Bernts, norsk konsul i Chicago) til gravferda hans.[1][2][3]

 
Bronsestatuen av Knute Rockne, avduka på Voss 31. mars 2006.

Anna endre

  • Knute Rockne vart portrettert i filmen Knute Rockne, All American i 1940, med Ronald Reagan i ei av rollene.
  • Ein bronseskulptur av Knute Rockne, laga av biletkunstnaren Jerry McKenna, vart avduka med kunstnaren Jerry og son til Knute, Jack Rockne, tilstades på Voss 31. mars 2006, på 75 årsdagen for Knute Rockne sitt dødsfall.
  • I 1988 gav det amerikanske postverket United States Postal Service ut eit frimerke til minne om Rockne.

Kjelder endre

  1. Maisel, Ivan (4. april 2019). «Knute Rockne's funeral and the dawn of a new American experience». ABC7 Chicago (på engelsk). Henta 23. desember 2021. 
  2. «Knute Rockne: Man Builder by STUHLDREHER, HARRY A.: Very Good Unknown Binding (1931) | Eyebrowse Books, MWABA». www.abebooks.com (på engelsk). Henta 23. desember 2021. 
  3. «Remembering 'The Rock' a century after the legend began | Angelus News» (på engelsk). 21. desember 2018. Henta 23. desember 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Knute Rockne